tirsdag 14. september 2010

Nyreligiøsitet i klasserommet

Ingen skal kunne påstå at religionsfaget ikkje er aktuelt. Spørsmål som dreier seg om religion er framme i massemedia kvar einaste dag, og skal me forstå noko av det som skjer, treng med kunnskap. Denne kunnskapen skal religionsfaget vera med på å gje elevane. I læreplanen for religionsfaget er eitt av kompetansemåla å drøfte religiøs søking i vår tid. Kva passar då betre enn å ta utgangspunkt i eit dagsaktuelt tema?

Akkurat nå er det tema kring nyreligiøsitet som er svært aktuelle. Her i Stavanger-området er det ekstra blest om Märtha Louises engleskule sidan ho skal halde todagarsseminar på Sola. Eg har prøvd å samla nokre ressursar som kan vera aktuelle å bruka i undervisninga og som utgangspunkt for diskusjon i religionsklassar.

For det første har det kome ferske tal om kva haldning nordmenn har til nyreligiøsitet. Desse tala er samla og omtalt i boka Religion i dagens Norge, redigert av Pål Ketil Botvar og Ulla Schmidt. Artikkelen "Mot en alternativreligiøs revolusjon" av Pål Ketil Botvar og Jan-Olav Henriksen tek opp spørsmål omkring nyreligiøsitet i samfunnet vårt. Stiftelsen Kirkeforskning har lagt ut ein omtale av artikkelen på nettsidene sine.

Viss ein er på jakt etter ein kortfatta oversikt over nyreligiøsitet i historisk samanheng, kan eg anbefala Erik Thorstensen artikkel "Nyreligiøsitet og kvasireligion". Artikkelen gir ei oversikt over teosofi, spiritisme og dei nyreligiøse strømningane frå 1960-talet og fram til i dag.

Ein avisreportasje frå Stavanger Aftenblad måndag 6.september gir grei oversikt over nokre av synspunkta til Märthe Louise. Denne er eit greitt utgangspunkt for å diskutera i kva grad Märtha Louises tankar er religiøse og om ho bryt med kristendommen sidan ho sjølv presenterer seg som kristen og samstundes seier at verksemda i engleskulen ikkje har noko med religion å gjera.

Utdrag frå debattprogrammet Aktuelt måndag 13.september er òg aktuelt å bruka i klasserommet. Det ligg ute i Nett-TV (her). Her møter me eit medium, ein statsvitar, ein religionsforskar og ein teolog, og det er interessant å sjå korleis mediet argumenterer og kva innvendingar dei andre har mot noko av det Märtha Louise har uttala seg om, då særleg kontakt med døde.

Som om ikkje dette er aktuelt stoff nok, ligg óg programmet for Alternativmessa i Stavanger i slutten av september ute på nettet. I programmet ser ein kor mangfaldig det som går under nemninga nyreligiøsitet er.

Erfaringa mi så langt er at spørsmål om nyreligiøsitet skaper engasjement blant elevane. Utfordringa er å få oversikt over noko som er svært mangfaldig, men samstundes kan det opna for interessante diskusjonar i klasserommet.