Viser innlegg med etiketten norsk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten norsk. Vis alle innlegg

søndag 14. november 2010

"Da jorden ble flat"

Eg har nettopp lese delar av boka "Da jorden ble flat" av Bjørn Are Davidsen. Dette er ei bok som burde interessera mange, både lærarar og elevar. Boka tek eit oppgjer med ei rekkje myter, særleg om kor mørk middelalderen var. Davidsen tek eit oppgjer med myter som at kyrkja hevda at jorda var flat, at kyrkja i middelalderen hindra rasjonell tenking og utvikling av vitskapen og at striden om Galileo Galileis oppdagingar var ein strid mellom tru og vitskap.

Davidsen prøver ikkje å leggja skjul på mange feilgrep frå kyrkja si side, men han viser at biletet av ei kyrkje som meinte at Bibelen var i strid med nye vitskaplege sanningar, ikkje stemmer. Han får ved sitat både av m.a. Augustin, Abelard, Thomas av Aquinas og Luther fram at tru på fornuften slett ikkje var noko nytt som kom med opplysingstida. Han hevdar med styrke òg at førestillinga om at alle teologar i middelalderen meinte at Bibelen skal tolkast bokstaveleg, ikkje er rett.

I norskfaget er det moderne prosjekt eit sentralt omgrep. I undervisninga kan det vera ein fare for at ein legg for stor vekt på brotet mellom gamalt og nytt og at ein teiknar eit urettvist bilete av kyrkja som motstandar av det nye. Når ein brukar ord som framskritt og fornuft som sentrale kjenneteikn ved det læreplanen kallar det moderne prosjekt, må ein samstundes få fram at dette ikkje er omgrep som berre står i motsetning til tenkinga i middelalderen, men at vitskaplege framskritt gjorde trua på fornuften og framskrittet sterkare. Davidsens bok viser i tillegg til kor viktig det er med god kildekritikk.