torsdag 17. desember 2009

Undervisningsevaluering

Frå i haust av har me blitt pålagt å gjennomføra evaluering av undervisninga der elevane svarar på ein del påstandar om undervisninga i eit fag. Eg har gjennomført evalueringa i to av klassane mine. Tidlegare år har eg òg hatt evalueringar, men opplevde i år at det blei litt meir systematisk når eg brukte det fylkeskommunale skjemaet.

Elevane tok undersøkinga seriøst, og resultata gav meg ein peikepinn på kva som fungerer bra og kva som bør endrast eller arbeidast meir med. Det viktigaste er kanskje ikkje undersøkinga, men samtalen med klassane etterpå utifrå dei resultata som kom fram. Eg lot elevane i den eine klassen diskutera resultata i grupper for deretter å koma med tilbakemeldingar i plenum og diskutera litt felles. Nedanfor tek eg fram noko av det som kom fram i diskusjonen.

Eitt av punkta i undersøkinga dreide seg om interesse for faget. Ei tilbakemelding eg fekk, var at eg burde bli flinkare til å grunngje kvifor me arbeider med dei ulike emna i norskfaget. Det som er sjølvsagt for læraren, er det kanskje ikkje for elevane. Når elevane spør om kvifor me skal læra om til dømes retorikk, analyse og skriva sidemål, må eg kunna gje fornuftige svar. Det er ikkje sikkert eg alltid greier å overtyda elevane, men me må ikkje gløyma spørsmålet om grunngjeving.

Eit anna punkt fleire var opptekne av, var at eg var tydeleg på kor mykje av lærestoffet eg ville førelesa i. Det var viktig meinte dei at eg gav ei tydeleg tidsramme for førelesning/undervisning i felles klasseslik at dei var førebudde på at me til dømes skulle halde på i 45 minutt. Eg merkar at elevar nå fortare blir trøytte av å høyra på førelesningar enn for 15-20 år tilbake då eg byrja som lærar. Kanskje er det berre bra. Men det krev at eg tenkjer nøye gjennom kva eg skal undervisa om på tradisjonell måte, og at eg er tydeleg på det i planane.

Når det gjeld arbeidsmåtar, var elevane som venta opptekne av variasjon. Fleire meinte at eit stort arbeidslandskap som me har på skulen vår, ofte blir prega av uro fordi det stadig er nokon som er på veg til og frå ulike rom og fordi nokre elevar er opptekne av heilt andre aktivitetar enn skule. Mange meinte at grupperomma me har, fungerer mykje betre enn det opne landskapet. Utfordringa er ofte å gje elevane oppgåver som krev at dei må produsera noko. Dette kan vera eit dilemma fordi det ikkje er mogeleg å vurdera alt arbeidet elevane gjer og fordi ein ofte ønskjer at elevane skal diskutera ulike tema utan at ein heile tida må kontrollera det dei gjer. Eg har ikkje noko endeleg svar på dette dilemmaet, men det stiller iallfall store krav til planleggjing og organisering slik at det er klart for elvane kva mål dei arbeider mot og korleis dei blir vurdert. Dialogen ein har me elevane om dette er difor svært sentral.

Det siste punktet eg vil trekkja fram er kva elevane tenkjer om å vurdera eiga læring. Fleire trekte fram at å bruka blogg, kan vera effektivt. Eg har dette skuleåret for første gong brukt blogg, og eg ser at elevar både gjennom styrte oppgåver og nokre få gonger spontant reflekterer over eiga utvikling i skulefag. Får ein elevar til å reflektera over korleis dei lærer best, kva dei har lært og og ikkje minst kva dei bør arbeida vidare med, vil dei ha eit godt utgangspunkt for å få framgang. Det vil òg kunna motivera meg som lærar til å gje betre individuell rettleiing.

Dette var nokre refleksjonar etter å ha gjennomført undervisningsevaluering. Det viktigaste er kanskje ikkje alltid kva som må vera med i ei slik undersøking, men at ein kjem i dialog med elevane og får ein fornuftig samtale om læring og vilkåra for læring. Eg ser at eg er avhengig av denne dialogen for å kunna gjera ein god jobb.

onsdag 9. desember 2009

Jul i norskfaget

Dette året har eg prøvd å "utnytta" jula i norskfaget i ein påbyggsklasse. I dette innlegget presenterer eg noko av det stoffet eg har brukt og noko som eg kanskje kjem til å bruka framover mot jul. Eg har prøvd å trekkja inn lyrikk, segner, legender og anna tradisjonsstoff som har jula som motiv.

Først har eg brukt av dei tradisjonelle julesongane. Så langt har eg trekt fram tekstar av Brorson, Grundtvig og Ingemann. Dei kan brukast til å visa korleis jula har inspirert forfattarar til skapa tekstar som har blitt brukt av generasjonar. Vidare kan dei brukast til å illustrera sentrale verkmiddel innan lyrikken, og så kan dei i tillegg vera utgangspunkt for diskusjon om kva jul betyr i dag. Kva ligg til dømes i Ingemanns "Deilig er jorden" sett i høve til korleis verda vår faktisk er?

Det finst mykje annan lyrikk med jula som motiv frå ulike epokar. I den nye boka, Poetisk jul, har Ernst Baasland samla alt frå gamle julesongar til nyare tekstar av Arild Nyquist, Edvard Hoem og Paal Helge Haugen. Her er mykje å velja mellom.

I årsplanen har eg kome til temaet om nasjonsbyggjing, og då er det naturleg å bruka litt tid på folkedikting. Dette kan òg lett knyttast til jul, særleg finst det mange segner. Eg har brukt segna om Lussi som Birger Sivertsen fortel om i eit kort radioinnslag. Elles finnst denne segna i mange variantar, blant anna i boka Norske segner av Olav Bø m.fl. Det kan i den samanheng vera naturleg å trekkja inn St. Lucia-tradisjonen som elevane er meir kjend med. Då lærer dei òg litt om kva ein legende er. Segner om nissen kan òg brukast. Generelt bakgrunnsstoff om jul og juletradisjonar finst på sidene til Ariadne, Universitetet i Oslo.

Det finst vidare ei mengde tekstar som kan brukast, alt frå dei tradisjonelle som "Karens jul" til nyare noveller av til dømes Levi Henriksen i samlinga Bare mjuke pakker under treet. Er ein så heldig at ein har samlinga Forfatternes julehelg, eit utval tekster frå Den norske Forfatterforenings julehelg-hefter 1915-57, er det mykje å ta av. Ein må sjølvsagt velja ut nokre få tekstar, men det skulle ikkje vera vanskeleg å tilpassa utvalet til læreplanen. Novella "Julebesøk" av Oskar Braaten frå 1926 gir til dømes eit innblikk i korleis jula kunne arta seg for arbeidarfamiliar tidleg i førre århundret.

Eg trur det kan verka motiverande for mange elevane å trekkja inn julemotivet frå fleire synsvinklar i undervisninga. Kanskje opplever dei det òg som eit lite avbrekk, og detkan òg leggast opp slik at elevane bidreg med stoff og tekstar dei kjenner.