lørdag 20. februar 2010

Diskusjonen om islam held fram

Det kjem stadig nye interessante innlegg og kommentarar til debatten om islam den siste tida. På nettsiden til Minerva har Olav Elgvin intervjua Sarah Selaihi, norsk muslim, om kvifor ho tok del i demonstrasjonen mot karikaturtekningane i Dagbladet. Intervjuet gir eit klart bilete av at mange muslimar tykkjer det er slitsamt med eit stadig negativt fokus på islam.

I dagens Stavanger Aftenblad har Svein Egil Omdal ein kommentar der han tek opp problemet med generalisering. Til og med sekulære muslimar blir stilt til ansvar for det ekstremistar har gjort.

Olav Elgvin har skrive ein kronikk i dagens Dagbladet. Han kjenner muslimske miljø i Oslo svært godt og skriv blant anna at det er svært få såkalla radikale muslimar i Noreg.

onsdag 17. februar 2010

Ekstremisme som utfordring i religionsundervisninga

Dei siste dagane har det vore mykje fokus på ekstreme religiøse synspunkt knytt til Mohyldeen Mohammed. Han har mellom anna trua norske journalistar og forsvara steining av homofile. Slike utspel får svært mykje merksemd i media. Slik merksemd gjeld likevel ikkje berre islam. Den ytterleggåande kristen evangelisten Pat Roberson fekk til dømes svært mykje omtale for sine utsegner om jordskjelvet på Haiti.

Eg held meg i dette innlegget til utfordringane i møte med mangfaldet i islam. Spørsmålet er korleis me skal hjelpa elevane til å orientera seg. Læreplanen i religion og etikk seier at elevane skal lære om ulike retningar i islam, og det er her vi må starta. For det første må me snakka om kva som skjer når media fokuserer på dei ekstreme synspunkta. Som følge av stort fokus på det ekstreme kan det lett skje at muslimar generelt blir stilt til ansvar slike haldningar som har kome fram i det siste.

Eg trur det kan vera greitt å presentera elevane for ein typologi liknande den Clinton Bennett har brukt i boka si Muslims and modernity. Eg har blogga om dette temaet tidlegare, men vil her sjå på korleis Bennets typologi med nokre modifikasjonar kan brukast.

Dei mest radikale muslimane kallar Bennet "the radical revisionists". Desse er dei me kan plassera i gruppa islamistar. Dette er ei samansett gruppe, men M. Mohammads utsegn (utan at eg veit særleg mykje om han) vil kunne plasserast som typisk for dei mest ekstreme islamistane. I skulen skal me ikkje vera redde for å trekkja fram dei mest ekstreme synspunkta som dei radikale islamistane står for både når det gjeld religionen som overordna politikken og ekstreme synspunkt på korleis brot på det desse oppfattar som rett seksualmoral, skal straffast. Samstundes bør me få fram at dei mest ekstreme er svært marginale i Noreg.

Så ha vi dei "vanlige" religiøse muslimane som stort sett innordnar seg norsk lov. Denne gruppa kan igjen delast i undergrupper. Me har ein del som praktiserer islam på tradisjonelt vis og som til dømes har eit kvinnesyn som til dels liknar på det som var vanleg her i landet for ein del år sidan. Desse blir òg ofte omtala som konservative.
Ei anna gruppe er dei moderate muslimane som vil modernisera islam og ikkje meiner det treng vera noka motsetning mellom vestleg modernitet og islam. Sjølv om ein skal vera forsiktig med å plassera personar i ein kategori, kan ein del av det Anne Sofie Roald står for, plasserast her.


Vidare har vi ein del som praktiserer islam "så godt dei kan", men som ikkje har så mykje kunnskap om ulike sider ved religionen sin.

I samband med dei ekstreme utsegnene til M. Mohammad er det viktig å få fram at ulike hald som til dømes Det islamske Forbundet ved forstandar Basim Ghozlan, og Islamsk Råd Norge har tatt klart avstand frå det M.Mohammad har sagt.


Dei siste, som Bennett ikkje inkluderer, er dei sekulære muslimane. Dette er ei ganske stor gruppe.


Ei inndeling i islamistar, tradisjonelt religiøse/konservative, moderate/reformvenlege og sekulære kan vera ei hjelp til å forstå kor samansett dei muslimske miljøa er. Brukt med klare reservasjonar kan ein enkel typologi hjelpe til å gje oversikt og forståing, og ekstreme synspunkt får ein plass, men avgrensa.

lørdag 13. februar 2010

Karikaturstriden held fram

Konflikt knytt til islam blei plutseleg svært aktuelt etter demonstrasjonen i Oslo fredag kveld (12/2). I tida som kjem, vil det heilt sikkert bli mykje debatt rundt det Mohyeldeen Mohammad uttalte: "Når vil norske myndigheter og deres medier forstå alvoret i dette her? Kanskje ikke før det er for sent. Kanskje ikke før vi får et 11.september på norske jord. Dette er ingen trussel, det er en advarsel"

Fokuset mitt her er korleis me i skulen kan takla diskusjonar som kjem opp i kjølvatnet av ei slik utsegn. Politikarar og andre kjem heilt sikkert til å gå ut med sterk kritikk av utsegna (noko som er på sin plass), men for elevar og folk flest vil det lett unna opplevast som det er islam som religion og muslimar generelt som blir utsett for sterk kritikk.

Me treng for det første å vita kva det var som skjedde under demonstrasjonen i Oslo. Olav Elgvin, som skriv ein blogg med tittelen Muslimprosjektet, har mykje og god informasjon om kva som rører seg blant muslimar i Oslo. Han skriv at dette om Mohyeldeen Mohammad: "Han som sa det er den eneste av arrangørene som virkelig har radikale sympatier De andre i arrangementskomiteen hadde sett talen på forhånd, og resolutt strøket ut den delen. Men han ble revet med og sa det likevel. det er ikke representativt for hva de andre arrangørene og deltagerne står for". Vidare i bloggen er det fleire som diskuterer det som skjedde med Elgvin, og her kjem fram interessant informasjon.

Me skal ikkje bagatellisera utsegner frå ytterleggåande muslimar, men eg er svært oppteken av at vi får fram balansert informasjon og at vi ikkje gjer den feilen at alle muslimar blir sett på som ei gruppe. Viss debatten blir unyansert, vil enkelte muslimar lett kunne oppfatta kritikken frå poltikarar som kritikk av muslimar og islam, og då kjem me inn i ein vond sirkel. I VG-Nett i dag er Usmana Rana, profilert muslim, ute og tek skarp avstand frå utsegna nemnt ovanfor: "Å bruke terrorisme for å skape frykt blant folk er meget uislamsk. Jeg mener denne advarselen er svært uheldig, og undertonen i den er etter mitt skjønn forkastelig. Det er ikke representativt for muslimer i Norge, sier Rana til VG Nett".

Diskusjonar vil heilt sikkert koma opp i skulen. Som lærarar må me vera førebudde på det, og det kan i enkelte fag og klassar vera naturleg at me sjølve tek opp saka.

Ei kort oppdatering lørdag ettermiddag (13/2): Ikkje uventa kom Siv Jensen med sterke ord om islamisering i dag. Eg blogga litt om det for snart eitt år sidan. Kari Vogt er intervjua av VG Nett her. Ho framhever generalisering som eit stort problem.

Her er óg ein kommentar av Lena Larsen.

Journalist i Vårt Land, Erling Rimehaug har skrive ein kommentar om dialog mellom kristne og muslimar, og kva rolle ein slik dialog kan spela for å skapa forståing.

onsdag 10. februar 2010

Ytringsfridom eller mobbing

I religionsfaget og i andre fag er det naturleg å diskutera spørsmål knytte til konfliktar der religion er involvert. I høve til islam har det særleg vore aktuelt i samband med hijab-debatten og karikaturstriden. Det er viktig at slike konfliktar blir tatt opp i skulen, men måten det blir gjort på, er minst like viktig.

For det første utfordrar temaene både kunnskapane til lærarene og elevane, og for det andre er det ei pedagogisk utfordring å gje elevane ein god nok bakgrunn for å kunna diskutera temaene som kjem opp.

Me må vera merksame på at det i mange skuleklassar kanskje er ein eller to med muslimsk bakgrunn. Dersom ein diskusjon utviklar seg til å bli usakleg, er det sjølvsagt ekstra ille for dei som er i mindretal. Difor må det vera god styring av diskusjonar slik at dei blir saklege.

Det kan vera lurt å ta opp kor grensa går mellom ytringsfridom og mobbing. Det gjeld sjølvsagt ikkje berre tema knytte til islam, men kan like gjerne dreia seg om tema knytte til kristendom eller andre religionar. I religionsfaget kan ein òg diskutera grensa mellom religionskritikk og mobbing.

Eg har møtt elevar med muslimsk bakgrunn som seier at dei trekkjer seg tilbake når diskusjonar om islam kjem opp i klassane dei går i. Dei går trøytte av å bli stilt til ansvar for det ytterleggåande muslimar gjer, og dei er leie av at alle muslimar blir plassert i same bås i diskusjonar.

Det er ikkje eitt svar på korleis ein skal ta opp konfliktfylte tema, men det er ekstra viktig at ein tenkjer gjennom korleis ein gjer det slik at ein unngår at diskusjonar nærmast går over i mobbing.