mandag 31. august 2009

Digitale hjelpemiddel




Eg har dette og førre skuleår følgt med på ein del bloggar der lærarar har skrive om ulike typar digitale verktøy og program som kan brukast i planlegging av undervisning og som óg kan brukast i klasserommet i møte med elevane. Eg har ofte hatt ambivalente kjensler i møte med alt det som blir presentert
Det første eg tenkjer er at her er svært mykje spennande som kan vera med og fornya undervisninga og som kan motivera elevane til arbeid. Så får eg ei litt lammande kjensle av at her er så mykje at eg ikkje veit kor eg skal byrja. Det er blogg, wiki, etherpad, srapbook, delicious, googledocs, markin osb. Det blir fort som ein jungel av ulike gode hjelpemiddel som til saman gjer meg forvirra. Ein annan tanke melder seg óg: Korleis skal eg unngå at det berre blir hjelpemiddel det er spennande å bruka utan at det spesifikt norskfaglege og religionsfaglege (som er mine fag dette året) kjem i bakgrunnen?

Eg meiner heilt klart at me ikkje kan la vera å ta i bruk nye digitale verktøy i klasserommet. Me kan ikkje stilla oss på bakbeina og insistera på at det gamle er best. Samstundes må ikkje faga forsvinna i ulike program og verktøy. Korleis kan me så finna den rette balansen?

Klassane er forskjellige. Eg underviser mellom anna i norsk på påbygg, og har då elevane berre eitt år. Eg har dette året introdusert blogg for dei. Fleire av elevane har i det første blogginnlegget skrive at dei synest det er spennande. Eg ser òg på bloggen som eit verktøy for tverrfagleg arbeid ved at elevane kan skriva blogginnlegg med utgangspunkt i fleire fag. Til slutt i terminen kan dei så velja ut nokre innlegg som dei vil ha vurdert. Det er ein stor gevinst viss alle eller fleire lærarar som har klassen kan gå saman om å om å bruka bloggen.

Vidare trur eg det er lurt at ein ikkje introduserer for mykje nytt for elevane på ein gong. I norsk brukar påbyggselevane mine i tillegg til læreboka ein nettstad til denne. Så må eg føla meg litt fram og bestemma meg etter kvart kva eg skal introdusera og igjen er det ein fordel om fleire kan samarbeida. Kanskje kan eg etter kvart introdusera wiki for klassen og la dei som vil, arbeida med dette.

Eg føler ikkje eg har funne svaret i møte med digitale hjelpemiddel, men klisjéen om at vegen blir til mens ein går, gjeld til ein viss grad. Ein må tora å prøva og feila samstundes som plan og samarbeid er viktig. Eg er glad for alle gode tips som blir lagt ut på ulike bloggar samstundes som eg med godt samvit lar nokre liggja mens eg prøver ut andre.

lørdag 22. august 2009

Bli kjent med faget


I starten av skuleåret er det eit poeng at elevane blir litt kjent med faga dei skal ha. Ein tradisjonell gjennomgang av læreplanen har eg tidlegare sett har fungert dårleg. Det blir fort for mange ukjente omgrep og det første møtet med faget blir ikkje som det skulle. Dette året har eg religion i ein 3.klasse. Eg lot i den første timen elevane bruka Wordle og laga ei ordsky med utgangspunkt i viktige stikkord dei fann i ulike delar av læreboka. Programmet er så enkelt å bruka at alle klarar det, og elevane likar å leika seg med det. Samstundes får dei ein liten peikepinn på kva emne me skal arbeida med gjennom året. Til slutt bad eg elevane ta eit skjermbilete av ordskya dei hadde laga og leggja denne ut som det første religionsinnlegget på bloggen sin.