lørdag 14. november 2009

Den muslimske mannsrollen

Dei siste vekene har det blitt auka fokus på innvandrermenn i samband med drosjevaldtektene i Stavangerområdet. Innvandrermenn blir ofte sett på som synonymt med muslimske menn. Dermed blir det aktuelt å sjå på om det er nokon samanheng mellom islam og den valdsbruken som har skjedd den seinare tida. Redaktør i Stavanger Aftenblad, Tom Hetland, tek i ein interessant kronikk i Stavanger Aftenblad fredag 13.november opp spørsmålet om det er nokon samanheng. Han skriv mellom anna: "For menn som har lært at kvinna skal underordna seg mannen, at hennar ord ikkje er like mykje verd som hans, og at ho skal dekka seg til i det offentlege rommet, blir møtet med frigjorde norske kvinner ein kraftig kulturkollisjon. Dei blir horer og fritt vilt".

Hetlands kronikk viser kor komplisert det er når ein skal sjå på tilhøvet mellom religion og faktiske hendingar i samfunnet. For det første må ein sjå på kva islam seier om tilhøva mellom kjønna. For det andre kjem spørsmålet om tilhøvet mellom religion og kultur inn i biletet.

Når det gjeld kva Koranen og hadith faktisk seier, er det ikkje noko som tilseier at valdtekt kan forsvarast. Det er når det gjeld kulturelle tilhøve ein må leite når ein skal sjå på problema.

Mange muslimske innvandrarmenn er vaksne opp i ein heilt annan kultur enn vår der islam eller rettare sagt sagt bestemte tolkingar av islam har gjennomsyra samfunnet. I auga til folk flest blir drosjevaldtektane lett kopla direkte til islam. Det er difor rett å presisera slik Hetland gjer, at seksuell vald mot kvinner ikkje er akseptert i Koranen og at seksuell vald klart og tydeleg blir avvist av Islamsk Råd. Det er likevel ikkje mogeleg å trekkja klare skilje mellom religion og kultur. Det er ikkje tvil om at det i nokre muslimske samfunn eksisterer mannskulturar som misbrukar religionen som middel for kvinneundertrykking og legitimering av eigen oppførsel. Les ein Karo-trilogien av den egyptiske Nobelprisvinnaren Naguib Mahfouz vil ein sjå skremmande døme på dette. Når ein les denne, må ein likevel vera kalr over at det er fiksjon og ikkje fakta ein les.

I islam er det sentralt at mannen har forsørgjaransvaret i familien, og slik sett er han overordna kvinna. I ei masteroppgåve av Elise Skarsaune, ser dei religiøst aktive mennene dette som det viktigaste ved mannsrollen. Ho peikar på kor vanskeleg det kan vera for muslimske menn å oppleva at dei ikkje får arbeid som gjer dei istand til dette som dei forstår som ein religiøs plikt. Ho gir i eit intervju ei oppsummering av dei viktigaste funna i oppgåva si.

Hetland viser til at vitneutsegner frå kvinner tel halvparten av menns i rettssaker. Dette gjer det vanskeleg for kvinner å få medhald når dei klagar menn for noko. Dette kan sjølvsagt gjera det lett for mmenn å tenkja at dei slepp unna uansett, men det tyder ikkje at religionen som sådan legitimerer ugjerningar, men religionen kan misbrukast. Misbruk av religionen er som me har sett mange døme på opp gjennom historia ikkje spesielt for islam, men like uakseptabelt uansett.

Eit anna trekk som Hetland viser til, er at kvinna skal dekkja seg til i det offentlege rommet. Dette er eit ganske vanleg syn blant muslimar, men me skal vera klar over at det slett ikkje blir delt av alle, og i praksis viser det seg at unge muslimske jenter særleg i område der det er få muslimar ikkje dekkjer seg til. Eit tradisjonelt syn på tilhøvet mellom mann og kvinne kan ein finna i ein artikkel av Basim Ghozlan på islam.no. I masteroppgåva om mannsroller i islam gjengir Elise Skarsaune ein av informantane hennar som seier at det opne forholdet mellom gutar og jenter i Noreg er noko av det vanskelegaste å takla for ein del muslimske menn, både fordi det bryt med det dei er vande med og fordi det for dei bryt med dei krava religionen stiller. Dette må sjølvsagt ikke forsvara valdsbruk, men skal ein gjera noko med problemet, må ein skjøna litt av bakgrunnen. Faktum er òg at mange raskt klarar å tilpassa seg det norske samfunnet.

Det er viktig at ein ikkje hamnar i ei stgmatisering av muslimske menn. Elise Skarsaune brukar uttrykket maskulinitetsorientalisme. I det legg ho at den muslimske mannen blir sett på som sjåvinistisk, valdeleg, kvinneundertrykkande og potensiell terrorist. Det er viktig at debatten vidare blir så nyansert som mogeleg og at det ikkje blir konstruert eit fiendebilete av ei heil gruppe menneske samstundes som me ikkje må bagatallisera valdsbruk.