tirsdag 1. november 2011

Google-buddhisme

For nokre dagar sidan gav den danske religionssosiologen og generalsekretær i Det danske Bibelselskapet, Morten Højsgård ut boka Den tredje Reformation med undertittelen "Fra statskristendom til google-buddhisme". I boka hevdar Højsgård at danskene står overfor den største omveltinga i religiøse verdiar på 500 år. Den første reformasjonen kom med Harald Blåtand omkring år 1000, den andre med Christian III på 1500-talet, og nå er det iferd med å skje ein ny religiøs reformasjon i det danske samfunnet.

Kva er så det Højsgård kallar google-buddhisme? Det er ein type religiøsitet der ein plukkar litt her og der og då særleg frå buddhismen. Det er en form for individuell religiøsitet som ikkje er prega av dogme, men av spørsmålet om kva som gjev ein sjølv lykke og meining. Det er ein søken etter det guddommelege i mennesket og vegen går gjennom yoga, meditasjon og kurs i sjølvutvikling. Tru på karma og reinkarnasjon kan òg vera ein del av denne religiøsiteten. Dersom ein ikkje tolkar dei kristne dogma bokstaveleg, men billedleg, kan google-buddhismen òg kombinerast med kristendom.

Højsgård viser til undersøkingar som fortel at 69 prosent av danskane hevdar at det er heilt i orden å plukka det beste frå ulike religionar og så setja saman si eiga tru. Det er eit typisk trekk ved moderne religiøsitet at einskildmennesket ikkje vil la seg styra av autoritetar som prestar og biskopar, men vera herre i eige hus på den måten at ein sjølv vil velja kva ein vil tru på. Når han får spørsmål om kva som er hovudinnhaldet i det danskar trur på idag, så svarar han politimester Bastians Kardemommelov ispedd austleg mystikk.

Højsgård er kritisk til fokuset på sjølvutvikling innan den nye religiøsiteten. Han meiner den kan gje grobotn for egoisme og mundre fokus på kva som er best for medmenneska. Trua på at guddommen finst inni oss og ikkje er noko ytre som grip inn i liva våra, verkar i same retning. 

Den individualistisk prega religionen fører igjen til pluralisme. Det tyder at det blir vanskeleg å koma fram til noko felles. Dermed kan grunnen under folkekyrkja stå i fare for å smuldra opp.  

Det er ingen tvil om at me ser nokre av dei same tendensane i Noreg som i Danmark. Det blir ikkje mindre religiøsitet blant folk, men religiøsiteten endrar karakter. Det går i retning av meir individualistisk prega religiøsitet, gjerne prega av New Age og austleg mystikk, men ofte ein svært tolerant form for religisøitet som ikkje treng ha ein front mot kristendommen, iallfall ikkje ein form for kristendom som ikkje er dogmatisk. Me ser typiske postmoderne trekk som at ein kan shoppe litt her og litt der og så røre samemn sin egen grøt.

Kjelder