torsdag 30. april 2009

Mål og meining

Det har gått nesten upåakta hen i media at Stortinget har handsama stortingsmeldinga "Mål og meining" for eit par dagar sidan. Det tyder ikkje at ho er uviktig. Der blir det sagt mykje interessant både om tilhøvet mellom norsk og engelsk, tilhøvet mellom dei nordiske språka og ikkje minst er det i meldinga eit viktig kapittel om nynorsk. Her blir det slått fast at nynorsk i dag blir diskriminert både innan privat og offentleg sektor. Vidare er meldinga klar på at det er ein stor verdi at vi har to skriftspråk: "Vi treng å halda begge dei norske skritfspråka levande dersom vi ikkje skal fornekta ein vesentleg del av vår sosiale, kulturell og historiske arv. Det at vi ikkje berre har eitt, men to norske skriftspråk med kvart sitt historiske og språklege opphav og kvar sin skriftkultur, gjev norsk språk eit dobbelt uttrykksregister og ein dobbel verdi og representerer ein rikdom for norsk kultur og samfunnsliv".

Vidare blir det slått fast at kunnskap i nynorsk skal reknast som allmennkunnskap. Viktig er det som blir slått fast i kapittel 9 av meldinga: Eit almineleg krav om kunnskap og kompetanse i begge målformer er eit instrument for å leggja til rette for at også nynorskbrukarane som eit mindretal i folket skal få dei språklege rettane sine innfridde, og for at nynorsk skal vera godt synleg som bruksspråk på så mange språkarenaer som råd er". Dette er etter mitt skjøn eit sterkt og godt forsvar for obligatorisk skriftleg sidemålsopplæring (både nynorsk og bokmål) i skulen.

Meldinga viser klar vilje til å satsa på nynorsk. For at dette ikkje berre skal bli ord, er det viktig at me i skulen gjer det me kan for å motverka negative haldningar til nynorsken og leggja til rette for god opplæring.





mandag 13. april 2009

Erfraringsutveksling

Torsdag 28.mai inviterer vi på Jåttå vgs alle norsklærere som underviser på påbygg til ei samling på skulen vår. Me har invitert Arne Olav Nygard til å halda eit innlegg om digitale tekster som eit utgangspunkt for å samtala om skriveopplæring for elevar på påbygg. Me ønskjer også å ta opp korleis me kan organisera arbeidet med fordjupningsoppgåva. Her tenkjer me oss at me deler erfaringar med kvarandre etter eitt år med ny læreplan. Elles blir det tid til å snakka saman om ulike utfordringar knytta til påbyggingskurset i norsk.

Me trur at me har store nytte av å treffast og utveksla tankar og erfaringar. Sjølv om læreplanen er lik for påbygg og andre studieførebuande kurs, er det spesielle utfordringar knytta til 10-timarskurset.

For å få ein oversikt over kor mange som kjem, har me sett ein frist for påmelding til måndag 27.april. Avdelingsleiarar på skulane i Sør-Rogaland skal ha fått informasjon om dette.

onsdag 1. april 2009

Gud på Sørlandet

Like før jul kom ei praktbok med tittelen Gud på Sørlandet. Ved Universitetet i Agder har det dei seinare åra blitt gjort mykje religionssosiologisk forsking med professor Pål Repstad som primus motor. Arbeidet har resultert i mange artiklar og mykje av stoffet har blitt publisert i bøkene Mykere kristendom og Tro i sør, og nå sist har enkelte korte artiklar blitt utgitt i Gud på Sørlandet.

Gud på Sørlandet gir ei oversikt over ulike sider ved religiøst liv på Sørlandet, alt frå kva religionar som er representert i landsdelen til bedehusliv, kirkeliv, religiøs kunst og Aril Edvardsen for å nemne noko. Pål Repstad kjem i tillegg med tankar om den religiøse utviklinga i landsdelen som han oppsummerer i innleiingskapittelet "En snillere Gud på Sørlandet?"

Tilhøva i Rogaland der eg bur, er ikkje svært ulike slik dei er på Sørlandet. Mange av dei trekka som kjem fram i Gud på Sørlandet, vil difor og finnast i Rogaland og sikkert andre delar av landet. Boka er lettlesen, men ingen lettvektar og difor svært verdfull for religionslærarar som vil skaffa seg religionssosiologisk kunnskap.