torsdag 30. april 2009

Mål og meining

Det har gått nesten upåakta hen i media at Stortinget har handsama stortingsmeldinga "Mål og meining" for eit par dagar sidan. Det tyder ikkje at ho er uviktig. Der blir det sagt mykje interessant både om tilhøvet mellom norsk og engelsk, tilhøvet mellom dei nordiske språka og ikkje minst er det i meldinga eit viktig kapittel om nynorsk. Her blir det slått fast at nynorsk i dag blir diskriminert både innan privat og offentleg sektor. Vidare er meldinga klar på at det er ein stor verdi at vi har to skriftspråk: "Vi treng å halda begge dei norske skritfspråka levande dersom vi ikkje skal fornekta ein vesentleg del av vår sosiale, kulturell og historiske arv. Det at vi ikkje berre har eitt, men to norske skriftspråk med kvart sitt historiske og språklege opphav og kvar sin skriftkultur, gjev norsk språk eit dobbelt uttrykksregister og ein dobbel verdi og representerer ein rikdom for norsk kultur og samfunnsliv".

Vidare blir det slått fast at kunnskap i nynorsk skal reknast som allmennkunnskap. Viktig er det som blir slått fast i kapittel 9 av meldinga: Eit almineleg krav om kunnskap og kompetanse i begge målformer er eit instrument for å leggja til rette for at også nynorskbrukarane som eit mindretal i folket skal få dei språklege rettane sine innfridde, og for at nynorsk skal vera godt synleg som bruksspråk på så mange språkarenaer som råd er". Dette er etter mitt skjøn eit sterkt og godt forsvar for obligatorisk skriftleg sidemålsopplæring (både nynorsk og bokmål) i skulen.

Meldinga viser klar vilje til å satsa på nynorsk. For at dette ikkje berre skal bli ord, er det viktig at me i skulen gjer det me kan for å motverka negative haldningar til nynorsken og leggja til rette for god opplæring.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar