torsdag 29. oktober 2009

Islam i klasserommet - korleis få fram mangfaldet?

I 3.klassen min skal me snart byrja å arbeida med islam. Å undervisa om islam opplever eg som noko av det mest spennande og utfordrande i religionsfaget. På nokre få veker skal elevane få innsikt i hovudtankane i den nest største religionen i verda. I seg sjølv er det ei ganske halsbrekkande oppgåve, men spennande fordi islam er så aktuell.

Ei utfordring er å få fram mangfaldet innan islam. Lærebøkene gir ein tradisjonell gjennomgang av religionen, noko som er nødvendig som basis. Men vidare må det vera eitt av måla med undervisniga i islam å få elevane til å skjøna noko av mangfaldet i islam på verdsbasis og i Noreg. Problemet er at det eksisterer stereotypiar som byggjer på ei essensialistisk forståing av religionen. Utsegner av typen ”islam hevder at....” og ”muslimane meiner at .....” går ofte igjen. I nokre samanhengar møter me óg på oppfatningar som at ”ja, muslimane er svært forskjellige, men det eigentlege islam er slik islam blir praktisert av islamistar. Mark Gabriel står mellom andre for eit slikt syn, og utsegnene hans blir tillagt stor vekt fordi han har vore professor ved Al-Ansar universitetet i Kairo. Me skal sjølvsagt ikkje oversjå Gabriel, men kva ville me sagt viss til dømes Levi Fragell skulle representera synet på kristendom?

Eg trur det er nødvendig å gå inn på slike oppfatningar av islam som nemnt ovanfor fordi dei ligg under i så mykje av dagens islamdebatt. Ser me på læreplanen seier han at elevane skal kunne gjere greie for ulike retningar innan islam. I lærebøkene er det tradisjonelle inndelingar i ulike retningar. I boka Muslims and Modernity prøver islamforskar Clinton Bennett å dela inn islam i ulike retningar: The radical revisionists, the traditionalsits, the neo-traditionalists og the modernists. Eg har skrive litt meir om dette på bloggen min. Ei slik inndeling kan synleggjera litt av mangfaldet. Dei fleste muslimar me møter, vil likevel ikkje kunna plasserast i ei bestemt gruppe, og mange vil kanskje falla heilt utanfor denne og andre inndelingar.

Læreplanen seier óg at elevane skal kunne ”presentere hovedtrekk ved religions- og livssynsmangfoldet i lokalsamfunnet og storsamfunnet i Norge”. I samband med islam kan det vera aktuelt å sjå på korleis det er å vera ung muslim i Noreg. I ”Religion og livssyn” har Hildegunn Kleive skrive ein artikkel om forsking ho har gjort. Sjølv skreiv eg i fjor ei masteroppgåve om å vera muslim i vidaregåande skule. Kanskje kan elevane òg få i oppgåve å finna ut litt om korleis det er å vera ung muslim i Noreg.

Det er dessverre slik at det er enkle svar på kva islam er som dominerer i samfunnet og som er lette å kommunisera. Religionsundervisninga bør ha som eit av måla å forstå mangfaldet. Då skal me ikkje gløyma religionskritikk av ulike slag, men prøva å unngå alle typar svart-kvitt bilete. Der er på sett og vis sjølvsagt, men undersøkinga eg gjorde i samband med masteroppgåva mi, viste at mange unge muslimar blei utsett for svært stereotype oppfatningar av islam som dei slett ikkje kjende seg igjen i.