torsdag 14. mai 2009

Islam og generalisering

Det nærmar seg landsmøtet til Frp der det mellom anna blir debatt om bruk av hijab skal bli forbode i skulen. Det som kjenneteiknar mykje av argumentasjonen i debattar om islam er ekstrem generalisering. Islam blir ofte framstilt som fiende av mange av dei verdiane som samfunnet vårt byggjer på. Pastor Jan Åge Torp bruker til dømes uttrykket "islams fundamentale innflytelse".

Korleis kan me så prøva å få til ein nyansert debatt? Det er ikkje enkelt, men ein måte kan iallfall vera å få klart fram ulike hovudskilleliner. Den britiske religionsforskaren Clinton Bennett opererer i den svært interessante boka Muslims and Modernity med fire grupperingar. Han streker først under at ein grunnleggjande feil tidlegare har vore å ville beskrive islam som ein uforanderleg storleik uavhengig av tid og geografi. Deretter peiker han på fire grupperingar:

1."The radical revisionists". Dette er dei som ser på Vesten som hovudfienden sin og som kan vera villige til å ta i bruk terror som verkemiddel for å nå måla sine. Kanskje er det desse som me i debatten vår kan knytta til såkalla radikal islam.

2."The "traditionalists". Dette er dei som ønskjer å koma tilbake til såkalla rein islam slik religionen blei praktisert på Muhammads tid. Salafi-rørsla kan plasserast her.

3."The neo-traditionalists". Desse kjem også med sterk kritikk av Vesten, særleg på det moralske området, men dei vil engasjera seg politisk innanfor demokratiske rammer. Dei vil halada fast på Koranen som ufeilbarleg, men vil prøva å tilpassa praktiseringa av islam til vestlege samfunn. Personar som har sin bakgrunn i den muslimske brorskapen i Egypt passar inn her. Det gjeld til dømes den kjende talsmannen for euro-islam, Tariq Ramadhan og leiaren av det europeiske fatwa-rådet, Yusuf al-Quaradawi.

4."The modernists". Desse vil gå i retning av nytolking av islam på ei rekke område. Dei vil henta inspirasjon frå Koranen og den islamske tradisjonen, men ikkje alltid kopiera denne.

Inndelinga til Bennet er ikkje gjort utifrå tilhøva i Noreg, og ho skal ikkje brukast til å plassera enkeltmenneske i båsar. Det er sjølvsagt mogeleg å bruka andre inndelingar, men Bennetts inndeling viser iallfall tydeleg at det blir usant å operera med generaliseringar. Det er typisk for debatten i dag at det blir dei mest konservative som blir sett på som dei mest ekte representantane for islam, men mangfaldet er større enn som så.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar