mandag 11. januar 2010

Blogging

Dette er første året eg har brukt blogg i klassane mine, ein påbyggsklasse i norsk, ein norskklasse idrettsfag VG2 og ein klasse i religion VG3. Då eg starta i haust, var eg svært usikker på korleis eg skulle bruka bloggen, kva oppgåver som passa til blogging og korleis eg skulle sjå på bloggen i høve til vurdering. Nedanfor vil eg skriva litt om dei erfaringane eg har gjort.

I påbyggsklassen har eg blant anna late elevane skrive refleksjonstekstar i samband med fordjupningsoppgåva. Til nå har dei skrive ein tekst i november om val av oppgåve og ein nå i byrjinga av januar der dei har gitt ein statusrapport og tankar om vidare arbeid. Alle skal etter oppgåva er ferdig skriva ein refleksjonstekst om arbeid og presentasjon. Bloggen fungerer etter mitt skjøn godt til denne typen oppgåver, og elevane kan dokumentera prosessen gjennom bloggtekstane. Eg har sett av to timar kvar veke til arbeid med fordjupningsoppgåva fram til presentasjon i veke 10, og da kan eg óg gje elevane rettleiing i timane. Kombinasjonen av blogg og munnleg rettleiing håpar eg skal fungera.

Her er døme på refleksjonane til tre elevar:

I VG2 norsk har eg prøvd å bruka bloggen litt til sidemål. Her har eg ikkje like gode erfaringar. Problemet er at eg ikkje kan retta tekstane språkleg, og det er oftast naudsynt å kunne dersom elevane skal få tilbakemelding på det språklege. Difor har eg førebels gått vekk frå å bruka bloggen til sidemål. Då fungerte det betre å la elvane skriva ei reiseskidring som dei publiserte på bloggen sin. Det viste seg å vera ein sjanger som passa godt for bloggsjangeren fordi det gav høve til å laga ein samansett tekst.

Når det gjeld religionsfaget er det mange refleksjonsoppgåver som egnar seg. Eg har gitt oppgåver som "Er religion opium for folket?", "Er fotball religion?", og etter eit besøk i klassen av ein buddist å diskutera utsegna hans om at buddhismen er 100 prosent norsk.

Andre faglærarar i historie og naturfag har òg brukt bloggen. Eg ser at det fungerer godt å gje oppgåver der elevane skal produsera samansette tekster ved til dømes å bruka ulike typar illstrasjonar. Bloggen kan sjølvsagt brukast til tverrfaglege oppgåver. Det har me ikkje gjort ennå, men håpar å få det til i vårhalvåret.

Når det gjeld vurdering, lar eg tekstar om fordjupningsoppgåva telja når eg set den endelege karakteren. Elevar som viser god refleksjon rundt oppgåva undervegs og i etterkant, skal få utteljing for det. I religionsfaget gir eg ein karakter på bloggtekstane som tel på linje med ein prøve. Då har eg latt dei få bruka mine kommentarar på den første teksten til å redigera teksten før eg gir endeleg karakter.

onsdag 6. januar 2010

Nytt år - nye moglegheitar

Overskrifta har blitt ein klisjé, men inneheld likevel ein optimisme som eg ønskjer å halda på. I dette blogginnlegget er det ikkje ei store vyane eg er oppteken av, men nokre få konkrete mål som eg meiner er viktige for at klassane mine skal fungera best mogeleg. Eg las forresten nettopp eit interessant blogginnlegg om tingenes tilstand blant skuleelvar som eg trur treffer ganske godt. Eg har ikkje nokon illusjon om å løysa alle problem, men prøver som alle lærarar litt.

Eg har presentert klassane mine for tre konkrete forventningar eg har for at dei skal oppnå gode resultat. Desse burde eigentleg vera sjølvsagde, men det sjølvsagde må óg snakkast om og gjerast tydeleg.

1.Møta presis til timane Elevar som kjem for seint er eit problem i del fleste klassane. Eg har ikkje ei naiv tru på at problemet blir vekke, men ved å gjera elevane medvitne om kva
det gjer med læring og klassemiljø at mange kjem for seint, kan situasjonen bli betre. Difor prøver eg å få elevane til å fokusera ekstra på dette

2.Delta aktivt Eg prøver å tydeleggjera for elevane kva som ligg i dette både når dei er i klasserommet og når dei arbeider individuelt eller i grupper. Eg ønskjer å sjå mindre av Facebook, russ.no mm samstundes som eg ønskjer meir konsentasjon om skulearbeidet. Dette er også sjølvsagt, men poenget her er at eg ønskjer å få elevane til å spela på lag heller enn å koma med ei rekkje forbod mot ulike nettsider.

3.Halda seg oppdatert Eg har erfart at mange elevar ikkje har oversikt over informasjon og planar som me gir dei sjølv om informasjonen òg er teken opp i klassen. Eg har ansvar for tydeleg informasjon og oversiktlege planar, då har eleven ansvar for å halda seg oppdatert og informert.

Eg er så optimistisk at eg trur at dersom eg gjennom dialog med elevane klarar å gjera desse tre forventningane tydelege, så vil det få positive ringverknader for undervisning og læring. Så får eg gjera opp status i juni og sjå kva som har skjedd.