mandag 11. januar 2010

Blogging

Dette er første året eg har brukt blogg i klassane mine, ein påbyggsklasse i norsk, ein norskklasse idrettsfag VG2 og ein klasse i religion VG3. Då eg starta i haust, var eg svært usikker på korleis eg skulle bruka bloggen, kva oppgåver som passa til blogging og korleis eg skulle sjå på bloggen i høve til vurdering. Nedanfor vil eg skriva litt om dei erfaringane eg har gjort.

I påbyggsklassen har eg blant anna late elevane skrive refleksjonstekstar i samband med fordjupningsoppgåva. Til nå har dei skrive ein tekst i november om val av oppgåve og ein nå i byrjinga av januar der dei har gitt ein statusrapport og tankar om vidare arbeid. Alle skal etter oppgåva er ferdig skriva ein refleksjonstekst om arbeid og presentasjon. Bloggen fungerer etter mitt skjøn godt til denne typen oppgåver, og elevane kan dokumentera prosessen gjennom bloggtekstane. Eg har sett av to timar kvar veke til arbeid med fordjupningsoppgåva fram til presentasjon i veke 10, og da kan eg óg gje elevane rettleiing i timane. Kombinasjonen av blogg og munnleg rettleiing håpar eg skal fungera.

Her er døme på refleksjonane til tre elevar:

I VG2 norsk har eg prøvd å bruka bloggen litt til sidemål. Her har eg ikkje like gode erfaringar. Problemet er at eg ikkje kan retta tekstane språkleg, og det er oftast naudsynt å kunne dersom elevane skal få tilbakemelding på det språklege. Difor har eg førebels gått vekk frå å bruka bloggen til sidemål. Då fungerte det betre å la elvane skriva ei reiseskidring som dei publiserte på bloggen sin. Det viste seg å vera ein sjanger som passa godt for bloggsjangeren fordi det gav høve til å laga ein samansett tekst.

Når det gjeld religionsfaget er det mange refleksjonsoppgåver som egnar seg. Eg har gitt oppgåver som "Er religion opium for folket?", "Er fotball religion?", og etter eit besøk i klassen av ein buddist å diskutera utsegna hans om at buddhismen er 100 prosent norsk.

Andre faglærarar i historie og naturfag har òg brukt bloggen. Eg ser at det fungerer godt å gje oppgåver der elevane skal produsera samansette tekster ved til dømes å bruka ulike typar illstrasjonar. Bloggen kan sjølvsagt brukast til tverrfaglege oppgåver. Det har me ikkje gjort ennå, men håpar å få det til i vårhalvåret.

Når det gjeld vurdering, lar eg tekstar om fordjupningsoppgåva telja når eg set den endelege karakteren. Elevar som viser god refleksjon rundt oppgåva undervegs og i etterkant, skal få utteljing for det. I religionsfaget gir eg ein karakter på bloggtekstane som tel på linje med ein prøve. Då har eg latt dei få bruka mine kommentarar på den første teksten til å redigera teksten før eg gir endeleg karakter.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar