For det første må ein skilja mellom islam og muslimar. Muslimar er like forskjellige som alle andre og praktisererer religionen sin på ulike måtar. Det er ikkje så rart at mange muslimar opplever det urettferdig når islam blir nemnt i same andedrag som terrorisme og kvinnenundertrykking. Istaden for å skjera alle over ein kam, må me læra oss å differensiera.
Når Amundsen i sitt innlegg omtalar islam, brukar han omgrep som fundamentalisme og snikislamisering. Det siste omgrepet er det heilt ubrukeleg og meiningslaust, og det er med på å byggja opp fiendebilete, som er noko heilt anna enn religionskritikk. Det speler på at muslimar seiler under falskt flagg og eigentleg er ute etter at islam skal få gjennomsyra det norske samfunnet.
Omgrepet fundamentalisme er heller ikkje noko godt omgrep fordi det blir brukt i mange samanhengar. I dag er det vanlegere å bruke islamisme (som igjen kan vera mykje forskjellig), men det har kanskje ikkje dei same negative konnotasjonane som Amundsen er ute etter. Skal ein bruka eit meir presist ord om dei ytterleggåande muslimane, er kanskje salafijihadisme det mest dekkande. Denne type ytterleggåande islamisme ser me få teikn til i Noreg.
Ein får inntrykk av at Per Willy Amundsen er ute etter å beskytta det norske samfunnet mot islam. Islam blir sett på som noko øydeleggjande og noko som bryt med rasjonell tenking. Det ser ut til at Amundsen er villig til å sjå bort frå både ytringsfridom og pluralisme som ideal berre ein kan halda islam på avstand. Toleranseidealet er altså ikkje så farleg når det kjem til islam. Ideala frå opplysningstida, som Amundsen hyllar, er berre viktige når dei kan verna oss mot islam.
Det skal vera alle sin rett å argumentera og misjonera for det ein trur på om det er politikk eller religion det gjeld. Ytringsfridomen må ha vide grenser, og det må vera eit ideal å unngå å skapa fiendebilete av dei som tenkjer og trur annleis enn ein sjølv gjer.
Når prinsippa om differensiering og omsynet til viktige menneskerettar er på plass, skal ein ikkje vika unna for religionskritikk, anten det er ein filosofisk kritikk eller ein kritikk av religiøs praksis. Negative utslag som undertrykking, einsretting, tvang og vald må koma fram i lyset. Ein må til dømes ha rett til å stilla spørsmål med kva muslimar legg i underkasting under Allah og påpeika at det tradisjonelle islamske synet på skilsmisse og arv fører til diskriminering av kvinner. Så skal me sjølvsagt ta avstand frå salafijihadismen som bryt med dei fleste grunnleggjande menneskerettar, men me skal ikkje skulde alle muslimar for direkte eller indirekte å støtta denne ytterleggåande retninga.
I klasserommet er det ofte tema som bruk av hijab, undertrykking av kvinner og terrorisme som kjem fram i diskusjonar. Det er viktig at desse temaa blir tekne opp. Ein måte å gjera det på er å invitera ein eller fleire muslimar til klassen og la elevane få diskutere med personar som har eit innanfråperspektiv på religionen. Det kan vera nyttig for elevar å sjå at muslimar ser ulikt på ein del spørsmål. Dei bør òg få sjå at måten Per Willy Amundsen driv islamkritikk på, er med på å byggja opp unødvendige fiendebilete og at kunnskap er viktig for å vurdera religion.