tirsdag 20. desember 2011

Kritisk til islam?

Per Willy Amundsen kalte innlegget sitt i Aftenposten "Hvorfor jeg er kritisk til islam". Er det så grunnar for å vera kritisk til islam? Før eg svarar på spørsmålet, er det nokre enkle grunnleggjande fakta som må vere på plass.

For det første må ein skilja mellom islam og muslimar. Muslimar er like forskjellige som alle andre og praktisererer religionen sin på ulike måtar. Det er ikkje så rart at mange muslimar opplever det urettferdig når islam blir nemnt i same andedrag som terrorisme og kvinnenundertrykking. Istaden for å skjera alle over ein kam, må me læra oss å differensiera.

Når Amundsen i sitt innlegg omtalar islam, brukar han omgrep som fundamentalisme og snikislamisering. Det siste omgrepet er det heilt ubrukeleg og meiningslaust, og det er med på å byggja opp fiendebilete, som er noko heilt anna enn religionskritikk. Det speler på at muslimar seiler under falskt flagg og eigentleg er ute etter at islam skal få gjennomsyra det norske samfunnet.

Omgrepet fundamentalisme er heller ikkje noko godt omgrep fordi det blir brukt i mange samanhengar. I dag er det vanlegere å bruke islamisme (som igjen kan vera mykje forskjellig), men det har kanskje ikkje dei same negative konnotasjonane som Amundsen er ute etter. Skal ein bruka eit meir presist ord om dei ytterleggåande muslimane, er kanskje salafijihadisme det mest dekkande. Denne type ytterleggåande islamisme ser me få teikn til i Noreg.

Ein får inntrykk av at Per Willy Amundsen er ute etter å beskytta det norske samfunnet mot islam. Islam blir sett på som noko øydeleggjande og noko som bryt med  rasjonell tenking. Det ser ut til at Amundsen er villig til å sjå bort frå både ytringsfridom og pluralisme som ideal berre ein kan halda islam på avstand. Toleranseidealet er altså ikkje så farleg når det kjem til islam. Ideala frå opplysningstida, som Amundsen hyllar, er berre viktige når dei kan verna oss mot islam.

Det skal vera alle sin rett å argumentera og misjonera for det ein trur på om det er politikk eller religion det gjeld. Ytringsfridomen må ha vide grenser, og det må vera eit ideal å unngå å skapa fiendebilete av dei som tenkjer og trur annleis enn ein sjølv gjer.

Når prinsippa om differensiering og omsynet til viktige menneskerettar er på plass, skal ein ikkje vika unna for religionskritikk, anten det er ein filosofisk kritikk eller ein kritikk av religiøs praksis. Negative utslag som undertrykking, einsretting, tvang og vald må koma fram i lyset. Ein må til dømes ha rett til å stilla spørsmål med kva  muslimar legg i underkasting under Allah og påpeika at det tradisjonelle islamske synet på skilsmisse og arv fører til diskriminering av kvinner. Så skal me sjølvsagt ta avstand frå salafijihadismen som bryt med dei fleste grunnleggjande menneskerettar, men me skal ikkje skulde alle muslimar for direkte eller indirekte å støtta denne ytterleggåande retninga.

I klasserommet er det ofte tema som bruk av hijab, undertrykking av kvinner og terrorisme som kjem fram i diskusjonar.  Det er viktig at desse temaa blir tekne opp. Ein måte å gjera det på er å invitera ein eller fleire muslimar til klassen og la elevane få diskutere med personar som har eit innanfråperspektiv på religionen. Det kan vera nyttig for elevar å sjå at muslimar ser ulikt på ein del spørsmål.  Dei bør òg få sjå at måten Per Willy Amundsen driv islamkritikk på, er med på å byggja opp unødvendige fiendebilete og at kunnskap er viktig for å vurdera religion.



lørdag 17. desember 2011

Fordummande religions- og islamkritikk

Framstegspartiets stortingsrepresentant Per Willy Amundsen hadde 16/12 ein kronikk i Aftenposten med overskrifta "Hvorfor jeg er kritisk til islam". Innlegget hans er fullt av generaliseringar og feilaktige påstandar både om vitskap, kristendom og islam.  Amundsen prøver å visa at islam ikkje kan samaeinast med dei verdiane dei vestlege samfunna byggjer på, men mislukkast totalt fordi faktagrunnlaget hans ikkje stemmer.

Amundsen startar med ei lovprising av vitskapen og slår til med følgjande utsegn: "Jeg er sikker på at vitenskapens vei er den eneste riktige". Vitskapen stiller han så opp som motsetning til religionen. I Vesten var mellomalderen ifølgje Amundsen prega av kristenfundamentalisme som fungerte som et hinder for fornuft og vitskap.  Dette er ikkje berre ei grov forenkling, men direkte feil. Det er i mellomalderen me finn grunnlaget for moderne vitskap. Realiteten er at kyrkja i det store og heile var positive til vitskapen. Bjørn Are Davidsen (forfattar av boka Da jorden ble flat - mytene som ikke ville dø) som har teke eit oppgjer med mange av mytane om mellomalderen, skriv følgjenade i eit innlegg på Verdidebatt:
Var noe demonstrert naturfilosofisk - enten av middelalderens egne lærde, hos de gamle grekere eller mer moderne arabere - tolket Kirken Bibelen i lys av dette, så lenge det ikke begrenset Guds allmakt. Dette åpnet for at man i stedet for å definere virkeligheten rent filosofisk, også ble tilskyndet til å gå ut og se etter. Skulle vi finne hvilke lover Gud hadde lagt inn i naturen, måtte vi reise oss fra lenestolen 
Vidare nemner Amundsen Galileo Galilei som representant for den nye vitskapen som blei knebla av kyrkja. Oftast blir det framstilt som at kyrkja var motstandar av det nye heliosentriske verdsbiletet og at Galileis tankar om at jorda ikkje lenger var i sentrum av universet, var i strid med Bibelen.  Dette stemmer ikkje. Det var ikkje dei nye tankane som gjorde at Galilei blei sett i husarrest, men at han hadde omtalt paven på ein respektlaus måte. Difor blir det utan historisk grunnlag å framstilla Galieli som martyr for vitskapen og forfulgt av kristenfundamentalistar.

Amundsen opererer òg med ei nærmast total motsetning mellom vitskap og religion. Målet er å visa at islam i dag har same rolle som den såkalla kristenfundamentalismen hadde tidlegare. Han hevdar at det meste av den muslimske verda er på same nivå som den vestlege verda var på i mellomalderen.  Samanlikninga er totalt meiningslaus. Ho føreset at religionen i mellomalderen hindra fornuft og framskritt, noko som eg ovanfor har vist ikkje stemmer. I tillegg har samanlikninga som premiss at islam ikkje kan foreinast med fornuft og vitskap. Amundsen ser sjølvsagt heilt bort i frå at muslimske vitskapsmenn tidleg gjorde store gjennombrot innan matematikk, kjemi og medisin.

Per Willy Amundsen hevdar at islam er årsaka til at mange muslimske land ligg bak den vestlege verda i utvikling. For det første generaliserer Amundsen ved å plassera alle muslimske land på same utviklingsnivå. For det andre ser han galant vekk frå at faktorar som kolonialisering, korrupsjon og despotiske leiarar kan vera ein del av årsaka til problem i mange av dei muslimske landa.

Islam er ifølgje Amundsen ein fare for samfunnet vårt. Han seier at ei altfor stor innvandring er ein fare for samfunnsmodellen vår. Det er typisk å gjera innvandring og integrering til eit spørsmål om islam og oversjå at svært mange som kjem til landet vårt, ikkje er muslimar. Vidare er det typisk å omtala islam som ein storleik der dei fleste er fundamentalistar og dersom dei ikkje er det, er dei i alle fall ute etter å snikislamisera samfunnet vårt for å bruka Siv Jensens og Amundsens eige ord. Amundsen meiner det er greit at muslimar praktiserer religionen sin privat, men dei må for all del halda religionen for seg sjølv og ikkje ta han med seg ut i det offentlege rommet. Her ser altså Amundsen totalt vekk frå verdiar som ytringsfridom og pluralisme, verdiar som han sjølv hyllar i innlegget sitt.

"Kanskje historieløsheten er mer utbredt enn vi er villig til å innrømme?" spør Amundsen. Amundsens innlegg er eit bevis på korleis det går når ein argumenterer ut i frå grove overforenklingar og direkte feil oppfatning av historia. Den historieløysa Amundsen er så redd for, er diverre grunnlag for hans eigen argumentasjon.