Kristin Halvorsen har i dag lufta nye tankar om den plassen sidemålet bør ha i skulen. Ho seier at det kan bli aktuelt å endra læreplanen slik at krava i sidemål blir lågae enn krava i hovudmål og at standunktkaraketerar og eksamen i sidemål kan falla vekk. sjølv om det her er snakk om sidemålet, er det ingen tvil om at det er nynorsken fram,legget hennar vil gå utover
Kristin Halvorsen seier at det er urealistisk å ha som mål at elevane skal bli like gode i sidemål som i hovudmål. I dag er læreplanen i norsk i vidaregåande skule slik at dei språklege krava er like høge i sidemål som i hovudmål. Eg kan gjerne vera med på at det blir gjort endringar slik at kompetansemåla i sidemål blir gjort litt enklare enn krava i hovudmål. Dette vil vera snakk om ei justering, ikkje ei rasering slik Halvorsens forslag tyder på.
Dramatisk blir det når Halvorsen seier at det kan bli aktuelt å kutta ut både standpunkt- og eksamenskarakter i sidemålet. Alle veit at standpunktkarakter og eksamen er styrande for innhaldet i eit fag. Ei slik endring av norskfaget vil føra til at dei fleste elevane i vidaregåande skule får svært lite undervisning i sidemålet som for dei fleste er nynorsk.
Eg kan ikkje skjøna anna enn at ein slik politikk er i strid med det som står i regjeringas eiga stortingsmelding nr.35, Mål og meining, som kom i 2009. Der står det mellom anna: "Det å gå inn for eitt norsk skriftspråk i dag ville difor i praksis bety å gjera bokmål til einaste riksspråk i landet, dvs. å ta frå nynorsken offisiell status og offentleg støtte". Å svekkja sidemålet i skulen vil vera første steget mot det regjeringa sjølv har sagt ho vil unngå.
Kvifor er det då så viktig å halda på obligatorisk opplæring i nynorsk for elevar i vidaregåande skule? Før eg svarar er det på sin plass å presisera at det i dag ikkje er eigen karakter i sidemål på yrkesfaglege studieretningar og at elevar med kort butid i landet og elevar som har dokumenterte lese og skrivevanskar får fritak for vurering i sidemål. Stortingsmelding nr 35 svara eigentleg godt på spørsmålet: "For det første må kjennskap til og kompetanse i begge dei to offisielle formene av det norske fellesspråket sjåast som ein nødvendig og sjølvsagd del av norsk allmenndanning som alle nordmenn i utgangspunktet bør ha rett og plikt til å få del i. For det andre er eit alminneleg krav om kunnskap og kompetanse i begge målformer eit instrument for å leggja til rette for at også nynorskbrukarane som eit mindretal i folket skal få dei språklege rettane sine innfridde, og for at nynorsk skal vera godt synleg som bruksspråk på så mange språkbruksarenaer som råd er."
Her blir det heilt rett slått fast at det å kuna norsk, er å kunna bruka begge målformene. Det siste punktet om språklege rettar her er ikkje minst viktig. Nynorskbrukarar blir i praksis diskriminerte til dømes i media der fleire aviser nesten ikkje har stoff på nynorsk og når det gjeld haldninga til nynorsk som kjem til uttrykk (for eksempel hos Søetorp i denne debattråden) hos mange.
Her blir det heilt rett slått fast at det å kuna norsk, er å kunna bruka begge målformene. Det siste punktet om språklege rettar her er ikkje minst viktig. Nynorskbrukarar blir i praksis diskriminerte til dømes i media der fleire aviser nesten ikkje har stoff på nynorsk og når det gjeld haldninga til nynorsk som kjem til uttrykk (for eksempel hos Søetorp i denne debattråden) hos mange.
Jon Fosse skriv i esayet "Min kjære nynorsk" om språk og identitet. Språket er ein del av identiteten vår. Språkpolitikken i landet vårt har heilt sidan 1885 bygd på jamstilling mellom dei to målformane bokmål og nynorsk. Det har ført til at dei fleste har vore i stand til å bruka begge målformene både når dei les og skriv. Endrar me den statusen sidemålet har i dag, vil det ikkje gå lang tid før mange vil erfara at dei blir framande for nynorsk og dermed for store delar av kulturarven vår. Det vil òg føra til diskriminering av minoriteten som brukar nynorsk og tvinga stadig fleire til å bruka bokmål.
Heller enn å svekkja nynorsken, burde me styrka han i skulen. Ei meir systematisk opplæring i nynorsk allereie i barneskulen gjennom til dømes meir lesing av tekstar på nynorsk, ville kunne vera med på å endra haldningane blant elevane. Det er ikkje tvil om at det i høg grad dreier seg om haldning når mange elevar i dag går ut av skulen med dårlege kunnskapar i nynorsk. Eg kan ikkje skjøna at svaret på dette problemet er å ta vekk karakterar og drastisk senka krava til kunnskap.