lørdag 9. mai 2009

Fjernsynsvanane til folk

Radioprogrammet Kurér tok 1.mai opp kva slags type nyheitsjournalistikk som appellerer mest til folk. I programmet var det eit intervju med den amerikanske medieeksperten Wally Dean som har undersøkt kva type nyheiter som amerikanarane har mest sansen for. På førehand trudde han som dei fleste mediefolk at det var sjokkerande nyheiter knytta til kriminalitet og katastrofar presentert i såkalla breaking news som var mest populære. Men han fann ut noko anna.

Undersøkinga Dean var med på, var den største i sitt slag. Han og andre medieforskarar målte kva folk såg på fjernsyn i 34000 nyheitsinnslag på 150 fjernsynsstasjonar gjennom fem år. Innhaldet i nyheitssendingane blei dermed målt opp mot kva folk faktisk såg. Dei fann ut at det som blir definert som kvalitet påverka fjernssynsjåinga i ganske stor grad. TV-sjåarane var interesseret i grundig journalistikk, og dess fleire kjelder dess betre, og dess meir balanse i sakene dess betre. Lange saker gjorde det svært bra viss dei var gjennomarbeidde, særleg blant unge folk. Det var mykje mindre interesse for kriminalsaker og breaking news enn det alle hadde trudd, ofte fordi sakene var dårleg fortalde. Det folk var oppteke av var bakgrunnsstoff, og ikkje berre ei oppramsing av kva som hadde skjedd.

Journlistar har ifølgje Dean ei oppfatning om at det er det sensasjonelle folk vil ha. Årsaka er at mange ser mykje på amerikansk fjernsyn og at rådgjevarane òg trur det er det folk vil ha. Dette gjeld ifølgje Dean ikkje berre USA.

Som norsklærarar har me i mange år lese i lærebøkene om dei 4 k-ane (krig, katastrofe, kriminalitet og den siste som eg ikkje hugsar nå) som utgangspunkt for kva media legg vekt på i formidling av nyheiter. Undersøkinga til Dean viser at det ikkje er kva tema som blir tatt opp som tel mest for folk, men at sakene blir tatt opp på ein grundig og balansert måte.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar