tirsdag 2. juni 2009

Taliban

Verdibørsen på NRK P2 har i to program, 16. og 30.mai sett søkelys på Taliban. Forskar ved Christen Michelsen Institutt, Karin Ask, og dosent Jan Opsal ved Misjonshøyskolen, blei intervjua i desse to programma, og det eg refererer nedanfor byggjer på informasjonen desse gav.

Taliban tyder "den som søker religiøs kunnskap", og Talibanrørsla har sitt opphav i madrasane, religiøse skular som blei oppretta under motstandskampen mot Sovjetstyret på 80-talet. Dette er litt av forklaringa på den militaristiske profilen rørsla har.

Vidare er Taliban påverka av deobandiretninga innan islam. Denne retninga har sitt opphav i India under motstandskampen mot det britiske kolonistyret. Dei forklarar årsaka til at mange av dei islamske samfunna er lite utvikla med at dei har late seg påverka av vestleg umoral og materialisme, og målet for muslimske land er å venda tilbake til ein rein form for islam så nær den praksisen som var på Muhammads tid som mogeleg. Dette er altså ein sterkt konservativ form for islam som til dømes ikkje godtek folkeleg tradisjonar og sufitradisjonar. I tillegg framhever Jan Opsal at Taliban prøver å sameine islam med pasjtunkulturen slik at det som er tradisjonell pasjtunkultur òg blir identisk med islam. Slik framstår den type islam Taliban står for som påverka både av ein type islamisme, motstandskamp og ein bestemt kultur. Jan Opsal hevdar at andre muslimar slett ikkje er einige i denne måten å tolka islam på.

Karin Ask tok fram nokre døme på korleis Taliban forstår sharia på. Dei la for eit par månader sidan fram eit 17 punkts program for korleis dei forstår den islamske lova, ei tolking som ifølgje Ask er lite lærd. Dei legg i dei 17 punkta vekt på å kjempa mot narkotikatrafikk og mot det dei ser på som vulgaritetar. Dei vil òg forby musikk og sal av CD-ar, stenga alle marknader under bønetidene, og dei vil ha ein eigen aksjon mot prostituerte og hallikar. Jan Opsal kom òg inn på spørsmålet om skjegg. Grunnen til at menn skal ha skjegg er at Muhammad hadde skjegg, og det skal vera så stort som ein knytteneve. Muhammad stussa ikkje skjegget før det kom ut på den andre sida av ein knytta neve som blei halden mot haka. Dei som under Talibanstyret ikkje hadde så mykje skjegg, blei undersøkt av det religiøe politiet om dei hadde barbert seg. Viss dei hadde det, hamna dei i fengsel. Viss dei ikkje hadde god nok skjeggvekst, slapp dei fri, men blei sett på som dårlege muslimar. dei fleste muslimar i resten av verda deler ikkje dette synet på skjegg.

Karin Ask blei òg spurt om kvifor Taliban er motstandarar av at jenter går på skule. Dette er eit omfattande spørsmål, men når det gjeld områda i Swat-dalen i Pakistan heng det saman med at den pakistanske staten ikkje har gitt pengar til bygging av jenteskular. Ho seier vidare at skulane blir eit symbol på at staten er til stades, og regjeringssoldatane har brukt ein del av skulane som opphaldsstad for soldatar.

Taliban står altså ikkje for ein form for islam som er godtatt av dei fleste muslimar i verda. Deira form for islam må forståast som ei blanding av eit bestemt syn på kva islam er og impulsar frå pasjtunkulturen i tillegg til bestemte historiske føresetnader.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar