mandag 25. mai 2009

Tariq Ramadan

Tariq Ramadan er ein av dei leiande intellektuelle blant europeiske muslimar, og han har gitt ut fleire bøker der han kjem inn på kva det vil seia å vera muslim i Europa i dag og kva utfordringar muslimar står overfor. Det er ganske tydeleg at Ramdan står for tradisjonelle islamske synspunkt i mange spørsmål, men at han samstundes prøver å visa korleis islam kan praktiserast i dagens samfunn.

I februar i år kom han ut med boka Radical Reform. Islamic Ethics and Liberation. Her tek han opp grunnleggjande spørsmål om religion og samfunn, og han kjem inn på nokre konkrete spørsmål som abort, eutanasi, bruk av prevensjon, tilhøvet mellom kvinne og mann og rituell slakting.

Ramadan står for det tradisjonelle synet i islam om at Koranen er ufeilbarleg. Han opnar ikkje for nytolking. Det han seier er at ein ikkje kan la vera å ta omsyn til samfunnet religionen skal praktiserast i: "... it seems clear that new challenges require new answers". Kvifor boka hans har fått tittelen "radical reform" er ikkje så lett å skjøna, for det er stort sett tradisjonelle islamske svar på aktuelle utfordringar som blir presentert. Det er likevel interessant å lesa korleis ein reflektert og lærd muslim viser korleis religionen kan praktiserast innanfor rammene av sekulariserte samfunn. Han meiner til og med det er lettare å praktisera islam i Vesten enn i mange land er muslimane er i fleirtal. Særleg er han kritisk til Iran.

Ramadan vil ikkje forkasta dei strenge straffene som blir nemnt for utruskap og steling i Koranen, men han prøver å koma til rette med dei i møte med dagens samfunn og i eit intervju i Morgenbladet i februar i år seier han: "Jeg erkjenner at straffene foreskrives i Koranen, men spør om det er klokt å gjennomføre dem bokstavelig". Han vil halda fast på straffane i Koranen samstundes som han går i retning av å seia at dei ikkje kan praktiserast i dagens samfunn.

I et intervju gjengitt på heimesida hans, seier han at det ikkje er tvil om arvereglane i Koranen, men at situasjonen i dagens samfunn er annleis enn på Muhammads tid, og at ein kvinner som til dømes er aleineforsørgjarar bør få økonomisk støtte. Igjen prøver han å ikkje berre sjå seg blind på reglar, men på kva som krevst i dagens samfunn.

Radical Reforms og intervjua med Ramadan er interessante fordi dei viser korleis han strever med å halda på tradisjonelle religiøse synspunkt i møte med eit samfunn som er svært forskjellig frå det Koranen blei til i. Særleg avsnitta der han går inn på konkrete tema som nemnt ovanfor, er interessante òg som døme for undervisning i islam i Religion og etikk.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar