onsdag 4. august 2010

Islam og musikk

På dagbadet.no er det i dag eit oppslag om at den andelege leiaren i Iran vil forby undervisning i musikk. Spørsmålet om islam og musikk kjem opp med visse mellomrom, og i skulen møter me muslimske elevar som opplever at dei er usikre på kva dei skal tenkje og meine om musikk og musikkundervisning.

Det som er klart er at ayatollah Khamenei står for eit ekstremt syn på musikk òg blant islamske lærde.

Å synge utan bruk av musikkinstrument vil dei aller fleste tillate. I eit svar på spørsmål frå ein innsendar seier leiarane i den største moskéen i Oslo, World Islamic Mission, at Muhammad sjølv høyrde på sang av unge jenter. På nettsidene til Islamonline.net, den kanskje mest populære islamske nettstaden, finn me dei same synspunkta når det gjeld sang.

Når det gjeld instrumental musikk, er det meir ulike oppfatningar. Leiarane i World Islamic Mission åtvarar mot å høyra på musikk. Dei seier at det er eit fleirtal av lærde som hevdar dette synet, og bakgrunnen skal vera at Muhammad ikkje høyrde på musikk og var skeptisk til alt som kunne føra menneska bort frå Allah. Det alle islamske lærde ser ut til å vera einige om er at innhaldet i tekstane er viktig. Alt som fører til umoral og syndige tankar, er forbode. Det blir vist mellom anna til ein hadith frå Bukhari (den største hadith-samlinga) der Muhammad seier: "Det vil komme en gruppe fra mitt folk som tillater utroskap, alkohol og musikkinstrumenter". Basim Ghozlan, som har ansvaret for nettstaden islam. no avviser likevel at dette er eit generelt forbod mot musikk. Det same gjer dei som svarar på spørsmål på nettstaden islamonline.net. Leiarane i World Islamic Mission inntek eit mellomstandpunkt der dei seier at det å høre på musikk ikkje er blant dei verste syndene.

Då eg i samband med masteroppgåva mi for eit par år sidan intervjua unge norske muslimer, var det ikkje mange som opplevde musikk i skulen som problematisk. Ein hadde bedt seg friteken frå å vera med på ein konsert i skulesamanheng. Elles høyrde både dei som var aktive muslimar og andre på musikk. Ein framheva at han likte best arabisk musikk fordi vestleg populærmusikk ofte var umoralsk ifølgje han. Ein eg intervjua, hadde høyrt at musikk skulle vera forbode under ramadan og ein annan hadde høyrt at "ekte muslimar høyrer ikkje på musikk".

Det er altså ikkje eitt syn på musikk blant muslimar. I møte med muslimske ungdommar er det greitt å kjenna til at det er ulike synspunkt. Ein del unge muslimar kan oppleva ein konflikt mellom det som blir oppfatta som korrekt i deira muslimske heimemiljø og det dei møter blant vener i skulesamanheng.

2 kommentarer:

  1. Hei!

    En av de som leser bloggen og er kjempe fornøyd. Synes du har veldig kloke og balanserte tanker og meninger om mange betente temaer som bl.a islam og muslimer.

    Håper på å lese flere like gode innlegg!

    SvarSlett
  2. Hei igjen! Takk for hyggelig tilbakemelding. Fint om du også bruker navn.

    SvarSlett