lørdag 22. januar 2011

Hizb ut-Tahrir

Dei siste dagane har ein ny islamistisk organisasjon dukka opp i norske media. VG-Nett hadde 16/1 eit oppslag om at denne organisasjonen er iferd med å etablera seg i Noreg. Stortingsrepresentantane Hans Olav Syvertsen (Krf) og Per WillY Amundsen (Frp) var raskt ute og kravde forbod mot organisasjonen i Noreg. Statsekretær Terje M: Pedersen i Justisdepartementet avviste forbod på grunnlag av retten til ytringsfridom.

Kvifor er så denne organisasjonen så omstridt? Han er noko av det mest ytterleggåande ein kan finna av islamistiske organiasjonar. Målet er å gjenoppretta kalifatet. Dei har oppretta grupper i Storbritannia, Sental-Asia og Danmark, men er forbodne i Midtausten og Tyskland.

Oppheving av nasjonsgrenser eit mål. Difor kritiserer dei både ayatollah-regimet i Iran og kongedømmet i Saudi-Arabia, og dei har sterk front mot alle muslimar som går inn for demokrati, òg dei som står for tanken om at shura kan sameinast med demokrati. Den einaste loven som eksisterer er Allahs lov slik han kjem til uttrykk i Koranen og sunnaen.

Dei står for svært konservative synspunkt i andre saker òg. Dei vil ha døddsstraff for apostasi (fråfall) og blasfemi. Så lang eg har sett står dei for det tradisjonelle islamske stadpunkt som gjev visse priveligium til jøder og kristne (dhimmi). Elles seier dei at rollen til kvinna er å veramor og ha ansvar for heimen.

Det mest kontroversielle i det siste er at leiarar i Hitz ut-Tahrir skal ha oppfordra til drap på danske soldatar i Afghanistan slik det kom fram i ein reportasje i dagens utgåve av Kristelig Dagblad.

I eit innslag i Dagsnytt 18 21/1 uttalte Kari Vogt seg om organisasjonen. Ho understrekte at dei har skapt mykje irritasjon i moskéane og at norske muslimske leiarar har uttrykt sterk bekymring sjølv om dei ikkje har noko etablert miljø i Noreg.

Ein kan diskutera om forbod mot slike organisasjonar er rette vegen å gå. Dei får fort mykje publisitet på den måten. Kanskje er det best at dei får koma fram med synspunkta sine, og så får PST ta seg av det som måtte vera av farer i høve til terror.

2 kommentarer:

  1. God påske :) ML

    SvarSlett
  2. Ed Hussains bok "islamisten" forteller ganske mye om Hizb ut-Tahrir og hans tid i organisasjonen. Skriver litt om det i bloggen min. Jeg er halvveis med et innlegg om motargumenter mot disse ekstremislamistene. Tror mange trenger det. Hovedproblemet er kanskje at de er så utrolig virkelighetsfjerne, fullstendig utopister, samtidig som de mener at man skal rive ned for at det så skal oppstå en fantastisk islamsk stat som fugl Fønix fra asken. Som i Somalia, kanskje?

    SvarSlett