lørdag 24. september 2011

Feilinformsjon om muslimske elevar

Nedanfor er lesarinnlegget eg hadde på trykk i Vårt Land 24/9-2011

Tor Dag Kjosavik har i VL 19/9 eit innlegg med tittelen ”Vi må ikkje bli blinde”som svar til Hans Aage Gravaas. I innlegget skriv Kjosavik dette om muslimar i skulen: ”Hvis det kommer muslimer inn i en norsk skoleklasse må svinekjøtt fjernes fra skolekjøkkenet. Gymnastikk og felles bading for gutter og jenter blir umulig. Vil utviklingen gå mot delte klasser og separate skoler?”

Eg arbeider ved ein vidaregåande skule i Stavanger og skreiv i 2008 ei masteroppgåve om muslimske elevar i vidaregåande skule i Rogaland og Akershus, og det eg fann ut etter å ha intervjua 20 muslimske elevar , var noko anna enn det biletet Kjosavik teiknar.

For det første skjer Kjosavik alle muslimske elevar over ein kam. Muslimske elevar er ei svært samansett gruppe. Blant dei eg intervjua var det alt frå sekulære muslimar som åt svinekjøt til religiøse som ønskte å ta trua på alvor.  Det som overraska meg var at dei religiøse òg utgjorde ei mangfaldig gruppe.  Eg trefte jenter som gjekk med hijab, overheldt bønene, men ikkje såg det som noko problem å ha gymnastikk og dela garderobe med andre jenter.  På den andre sida møtte eg gutar som ikke ville dusja saman med andre gutar, men som elles ikkje var spesielt religiøst aktive. Slik kunne eg halde fram med ulike døme. Men eg møtte ingen som uttrykte ønske om eigne klassar eller skular for muslimske elevar. 

Fleire av dei eg snakka med, meinte det var naturleg at det blei arrangert julegudstenester. For nokre var det unaturleg å vere til stades ved sike arrangement, men det var òg fleire som sa dei var med på slike samlingar sjølv om dei ikkje deltok aktivt. 

Det var ikkje ønske om å bli særbehandla som kjenneteikna dei muslimske elevane. Det dei opplevde som problematisk var å møte nokre lærarar og etnisk norske elevar med fordommar. Ei jente nemnde at ho av ein kroppsøvingslærar hadde blitt møtt med følgjande kommentar: ”Eg trudde ikkje muslimske jenter var så flinke i kroppsøving”.  Ei anna jente hadde blitt møtt med forundring då ho sa ho hadde planar om å bli tannlege. Andre igjen opplevde det som ubehageleg å stadig bli konfrontert med tema som terror og tvangsekteskap når islam blei omtalt eller diskutert i klasserommet.

Dette er sjølvsagt ikkje heile biletet av situasjonen for muslimske elevar i norsk skule, men poenget mitt er at den type generaliseringar og feilinformasjon som Kjosavik gjer seg skuldig i, er med på å teikne eit stereotypt og direkte feil bilete av muslimske elevar, og han er med på å gjere oss blinde for mangfaldet.


2 kommentarer:

  1. Kanskje du burde ta deg en tur til Groruddalen. Å intervjue 20 elever gir ikke grunnlag for å konkludere med noe som helst.

    SvarSlett
  2. Eg skriv då òg i siste avsnitt at eg ikkje gir heile biletet og eg skriv at undersøkinga mi er gjort i Rogaland og Akershus. Eg skriv ikkje om Groruddalen. Poenget mitt er me får eit svært mangfaldig bilete av islam når me snakkar med unge muslimar

    SvarSlett