lørdag 29. oktober 2011

Skepsis mot muslimer

Denne veka kom undersøkinga som viser at ein av fire nordmenn meiner at islam er ein trussel mot norsk kultur. Like mange meiner at det er for mange muslimar i landet.

For to år sidan gav den svenske journalisten Andreas Malm ut boka Hatet mot muslimer det han set søkelyset på den aukande islamofobien i Europa. Han hadde òg eit innlegg i Dagbladet like etter 22.juli der han analyserte ein del av dei islamofobe tankane til Anders Behring Breivik.

I Hatet mot mulimar er Malm innom tankane til den amerikanske sosiologen Samuel Huntington som er kjent for teorien om samanstøytet mellom sivilisasjonane (The Clash of Civilization). Denne teorien er etter mitt skjøn relevant for å forstå den skepsisen mange nordmenn har mot muslimar. Huntington hentar bilete frå geologien og samanliknar det han kallar sivilisasjonar med kontinetalplater, og når desse støyter saman blir det uro. Vesten er særleg utsett for trusselen frå islam fordi talet på muslimar aukar så sterkt: "Muslimerna utgör et omedelbart problem i Europa. De har ställt til en demografisk invasion og hotar kontinenten med islamisering. Räddningen ligg i att reducera den muslimska närvaroen - om bara Europa är berett at betala priset - genem att hindra innvandring och ytterligare begränsa existerande innvandrargrupper" (sitert etter A.Malms Hatet mot muslimer s.133).

Huntingtons synspunkt byggjer på fleire faktorar. Eitt av dei er at han ser sivilisasjonane som kontrastar. Han seier at det finst grunnleggjande motsetnader mellom den vestlege og den islamske kulturen og seier til dømes at ein innan den vestlege kulturen konsekvent har motsett seg spreiing av kjernevåpen, har arbeidd for demokrati og menneskerettar. Islam derimot gjev grobotn for spreiing av atomvåpen og terrorisme. Feilen med Huntingtons teori er både at han har eit stereotypt bilete av kva ein sivilisasjon er og at han ser ut til å ha ei essensialistisk oppfatning av islam. 

Kva er det så som kan hindra at tankane til huntington og konspirasjonsteoriar vinn fram? Den norske undersøkinga viser at skepsisen mot muslimar er langt mindre i område der det bur mange muslimar enn i område der det bur få. Kontakt med muslimar byggjer ned fordommar og mistillit. Det trur eg er det viktigaste. Som religionslærar håpar eg sjølvsagt at auka kunnskap òg skal føra til færre fordommar. Om det er tilfelle er vanskelg å måla. Professor i religionshistorie, Knut S. Vikør, hadde eit tankevekkjande innlegg om dette like etter 22.juli-tragedien. 

Andreas Malms bok bør lesast av mange. Han viser både kva som er grobotnen for islamofobi, og han tek for seg korleis debatten i Europa har blitt prega av konspirasjonsteoriar og frykt for at islam skal bli dominerande. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar