søndag 22. mars 2009

Ny bok om modernismen

Det hender ein kjem over bøker som er ekstra interessante og som gir ein oversikt ein ikkje har funne andre stader. For meg er Per Thomas Andersens bok Modernisme, tverrestetiske peilinger i musikk, billedkunst og litteratur ei slik bok. På i underkant av 200 sider har han gitt ein svært nyttig og interessant oversikt over modernismen som strømning innanfor dei kunstartane som er nemnt i overskrifta på boka. Modernismen har med den nye læreplanen fått ein sentral plass i norskfaget, men boka vil og gje nyttig bakgrunnsstoff for andre fag som til dømes historie og religion.

Andersen har gitt boka ein struktur som gjer det greitt for lesaren å følgja frmstillinga hans. Første del av boka er historisk orientert der Andersen ser på viktige føresetnader for modernismen, viktige utviklingstrekk ved modernismen i første halvdel av 1900-talet og nokre trekk ved den strømninga som ofte går under nemninga postmodernismen. I den andre delen tek Andersen føre seg nokre trekk ved modernismen som han ser på som særleg interessante: for det første modernismen sett i høve til urbanitet, inspirasjon frå andre kulturar og den utopiske draumen. For det andre ser han i den andre delen av boka på synet på "selvet" og kroppen innan modernismen.

Særleg den første delen av boka gir ein svært god oversikt over bakgrunnen for og kjenneteikna ved modernismen. Avsnittet med overskrifta "Modernitet, modernisering og modernisme" gir ei oversiktleg framstilling av omgrep som ofte blir brukt, og Andersen får fram tilhøvet mellom dei på ein god måte. Han peikar på fire viktige faktorar som føresetnad for modernistisk kunst: utviklinga innan økomomien, industrialiseringa, den teknologoske og vitskaplege revolusjonen og urbaniseringa. I denne samanhengen trekkjer han og fram tre viktige idehistoriske impulsar som ein del av bakgrunnen for modernismen. Det gjeld Marx´historiske materialisme, Nietzsches syn på religionen og Freuds tankar om mennesket.

Gjennom heile boka fokuserer Andersen både på litteratur biletkunst og musikk. Han trekkjer fram sentrale personar som han viar plass til. Dette gjer at eg som lesar kjem litt på innsida av enkelte personar og verk som til dømes Pablo Picasso med sine kubistiske verk og James Joyce med Ulysses.

Andersens bok er i det heile taket ei svært nyttig bok for den som vil ha ein oversikt over modernismen utan at framstillinga blir altfor detaljert og omfattande. På litt under 200 sider er sjølvsagt mykje utelate, men oversikten er imponerande.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar