mandag 16. mars 2009

Radikal islam

Dei siste vekene har omgrepet radikal islam blitt mykje brukt av politikarar i norske media. Kva ligg i dette omgrepet, og er det eit teneleg omgrep for å karakterisera delar av islam?

For det første er det ut frå samanhengen omgrepet blir brukt i klart at det er noko negativt. Då eg høyrde Siv Jensen for eit par veker sidan snakke om radikal islam var ho svært tydeleg på at dette var noko som burde nedkjempast, og ho samanlikna til og med kampen mot radikal islam med kampen mot nazisme. Då er det iallfall viktig å vita kva som ligg i omgrepet, men problemet er at det har verken Siv Jensen eller Frp klart å tydeleggjera. På Dagsnytt 18 i går 15.mars innrømma Per Sandberg at det er svært vanskeleg å peika ut kven det er ein snakkar om i samband med radikal islam og at faren for å stigmatisera er stor, men at det er fundamentalistane han tenkjer på i samband med radikal islam.

Dermed trekte han inn eit mykje brukt ord som og er problematisk. Martin Kolberg kom litt nærmare ein definisjon av kva han legg i radikal islam: Han meinte med dette "politiske og religiøse grupperingar som stiller seg utanfor demokratiet, som er totalitære, kvinneundertrykkende og voldsoppofrende". Han brukte og omgrepet ekstremisme.

Sjølv om Kolberg kom litt nærmare ein definisjon enn det Siv Jensen har gjort, viser det likevel kor vanskeleg det er å bruke merkelappar på heile grupper. Skal ein då vera presis, må ein igjen gå inn og sjå på kva som til dømes er kvinneundertrykkande i islam.

Eg meiner ikkje at ein skal feia under teppet problematiske sider ved islam, men heller enn å snakka i store bokstavar om til dømes radikal islam, bør ein heller konkret peika på kva det er ved einskilde grupperingar innan islam som ein bør kjempa mot. Uansett bør politikarar og alle som går inn i debatten om islam gjera alt for å unngå stigmatisering og generalisering av heile grupper.

Då Martin Kolberg i Dagsnytt 18 15.mars fekk spørsmål om ikkje politiet har god kontroll med radikale fundamentalister, svarte han at desse er svært få og at politiet har god kontroll på dei. Det eg då lurer på er kvifor Martin Kolberg nå går ut og snakkar om radikal islam. Han nemner svært vagt at det dreier seg om ein mentalitet og at ein må ta folks frykt på alvor. Dette er etter mitt skjøn ein så upresis måte å omtale islam og muslimar på at det i seg sjølv er med på å skape unødvendig frykt blant folk. Det blir å sausa saman vage antydningar som det ikkje er mogeleg å konkretisera.

Det me istaden treng er å forstå at islam er ein svært mangfaldig religion, og at me ikkje kjem nærmare ei forståing av islam med utydelege merkelappar som radikal islam og snikislamisering som har vore brukt i seinare tid. Dersom omgrepet radikal islam skal brukast, bør det etter mitt skjøn reserverast for militante islamistar som vil kjempa for religion med militære middel. Slike grupperingar finst truleg ikkje i landet vårt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar