tirsdag 17. mars 2009

Sharia light

På Dagsnytt 18 13.mars gjorde Per Sandberg eit forsøk på å beskriva tilhøva i bydelen Rosengård i Malmø. Han brukte då uttrykket "sharia light". Igjen ser me døme på eit presisjonsnivå som gjer det heilt umogeleg å vita kva det er Sandberg siktar til og som gjer det svært vanskelg å få til ein god debatt om islam.

Kari Vogt opererer i boka Islam - tradisjon, fundamentalisme og reform med to definisjonar av sharia. Den første er at ordet kan brukast i vid tyding om både truslære, etikk og rettstradisjon og slik blir synonymt med islam. Den vanlegaste tydinga er likevel at sharia står for islamsk lov og er då summen av alle Allahs påbod og forbod. Kjeldene til denne loven er Koranen og sunnaen, tradisjonen etter profeten som er nedteikna i fleire hadith-samlingar.

Er sharia ein trussel mot samfunnet vårt? Det er i dag ingen statar som utelukkande byggjer lovgivinga si på sharia. Kari Vogt skriv at islamsk lov aldri har vore einerådande i eit samfunn, kanskje med unnatak av Medina. Det er særleg innan familie- og arverett at sharia har stått sterkt og blir brukt i nokre islamske land i dag. Å bruke uttrykk som sharia light om tilhøva i Malmø er difor direkte feil og berre egna til å spreia frykt når uttrykket blir trekt inn i samband med det einskilde kallar snikislamisering. Ved å la omgrep som radikal islam, sharia og islamisering svirra i lufta utan å presisera kva som ligg i uttrykka, er det berre med på å stigmatisera muslimar og skapa falsk frykt hos mange.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar