onsdag 24. november 2010

Er norskfaget for omfattande?

Nyleg kom rapporten i samband med evalueringa av norskeksamen i vår. I rapporten påpeiker Skrivesenteret at læreplanen er for omfattande og kompleks. Det er eg einig i.

Eg underviser mellom anna på påbyggingskurset og opplever kvart år at det er umogeleg å dekkja alle måla i læreplanen tilfredsstillande. Mange mål er svært omfattande og ein veit sjeldan når ein har arbeidd grundig nok med dei. Det gjer at faget til tider, både av lærarar og elevar, blir opplevd som å gjennomføra eit maratonløp utan at treningsgrunnlaget er i orden.

Kor omfattande og i tillegg utydeleg delar av læreplanen er, viser berre desse to eksempla:
1."Elevene skal kunne forklare hvordan litteratur og kunstuttrykk i og utenfor Norge har
påvirket hverandre de siste århundrene."
2."Elevane skal kunne drøfte fellesskap og mangfald, kulturmøter og kulturkonflikter med
utgangspunkt i et bredt utvalg av norske og utenlandske samtidstekster i ulike sjangre."

Det er mykje positivt med den nye læreplanen, men han er for omfattande. Eg har ikkje svaret på kor det bør kuttast, men måla bør bli tydelegare slik at me veit meir presist kva omfanget bør vera. Dette handlar ikkje om nivåsenking, men om å få ein tydelegare og meir realistisk læreplan. Sjølvsagt må det vera valfridom og ulike vegar til måla, men viss måla blir opplevd som uoppnåelege, fører det til at motivasjonen hos elevane forsvinn. For læraren er det frustrerande å ikkje heilt vita når klssen har arbeidd nok med måla og om ein finn tid til å koma innom alle. Difor bør det koma justeringar i læreplanen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar