mandag 29. november 2010

Film om Det muslimske brorskap

I kveld viser TV2 Walid-al-Kubaisis (manusforfattar) dokumentarfilm Frihet,likhet og Det muslimske brorskap. Filmen er allereie omtala av mellom andre religionsforskar Olav Elgvin i Dagbaldet og Espen Utaker i laurdagens papirutgåve av Vårt land. På Verdibørsen på P2 28/11 er det eit intervju med al-Kubaisi og "Sånn er livet" i morgon tek opp filmen med utgangspunkt i spørsmålet om det skjer ei islamisering av Europa. Sjølv har eg ikkje sett filmen ennå, men eg tenkjer at dette er ein film det kanskje går an å bruka i religionsundervisninga. Eg må sjølvsagt sjå han før eg bestemmer meg, men at temaet er aktuelt, finst det ingen tvil om.

Læreplanen seier at ein skal ta for seg ulike retningar innan islam. I tillegg til den tradisjonelle delinga i sunna og shia er det naturleg å sjå på både islamisme og moderate/modernistiske retningar. I Kubaisis film dreier det seg først og fremst om det muslimske brorskap men òg om kva syn sekulære muslimar har på Det muslimske brorskap.

Det er etter mitt skjøn sentralt å få fram at det finst ulike syn på kva innverknad islamisme har i dagens Europa. Dette er komplisert, men det er viktig at elevane forstår at islamisme er eit mangfaldig fenomen og at det finst ulike syn på kva mål og kva innverknad islamistiske retningar har i Europa. Det er sjølvsagt interessant å sjå på kva bilete filmen teiknar av Det muslimske brorskap, men like interessant kan det vera å diskutera kva filmen seier om sekulære muslimar og få fram at Kubaisi gir si tolking av islamismen i Europa. Ein kan òg diskutera om filmen er med på å stø opp under islamofobi. Kanskje kan ein ved hjelp av filmen få elevane til å vera litt kritiske i møte med all den informasjonen som kjem om islam i dag.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar