mandag 29. november 2010

Film om Det muslimske brorskap

I kveld viser TV2 Walid-al-Kubaisis (manusforfattar) dokumentarfilm Frihet,likhet og Det muslimske brorskap. Filmen er allereie omtala av mellom andre religionsforskar Olav Elgvin i Dagbaldet og Espen Utaker i laurdagens papirutgåve av Vårt land. På Verdibørsen på P2 28/11 er det eit intervju med al-Kubaisi og "Sånn er livet" i morgon tek opp filmen med utgangspunkt i spørsmålet om det skjer ei islamisering av Europa. Sjølv har eg ikkje sett filmen ennå, men eg tenkjer at dette er ein film det kanskje går an å bruka i religionsundervisninga. Eg må sjølvsagt sjå han før eg bestemmer meg, men at temaet er aktuelt, finst det ingen tvil om.

Læreplanen seier at ein skal ta for seg ulike retningar innan islam. I tillegg til den tradisjonelle delinga i sunna og shia er det naturleg å sjå på både islamisme og moderate/modernistiske retningar. I Kubaisis film dreier det seg først og fremst om det muslimske brorskap men òg om kva syn sekulære muslimar har på Det muslimske brorskap.

Det er etter mitt skjøn sentralt å få fram at det finst ulike syn på kva innverknad islamisme har i dagens Europa. Dette er komplisert, men det er viktig at elevane forstår at islamisme er eit mangfaldig fenomen og at det finst ulike syn på kva mål og kva innverknad islamistiske retningar har i Europa. Det er sjølvsagt interessant å sjå på kva bilete filmen teiknar av Det muslimske brorskap, men like interessant kan det vera å diskutera kva filmen seier om sekulære muslimar og få fram at Kubaisi gir si tolking av islamismen i Europa. Ein kan òg diskutera om filmen er med på å stø opp under islamofobi. Kanskje kan ein ved hjelp av filmen få elevane til å vera litt kritiske i møte med all den informasjonen som kjem om islam i dag.

onsdag 24. november 2010

Er norskfaget for omfattande?

Nyleg kom rapporten i samband med evalueringa av norskeksamen i vår. I rapporten påpeiker Skrivesenteret at læreplanen er for omfattande og kompleks. Det er eg einig i.

Eg underviser mellom anna på påbyggingskurset og opplever kvart år at det er umogeleg å dekkja alle måla i læreplanen tilfredsstillande. Mange mål er svært omfattande og ein veit sjeldan når ein har arbeidd grundig nok med dei. Det gjer at faget til tider, både av lærarar og elevar, blir opplevd som å gjennomføra eit maratonløp utan at treningsgrunnlaget er i orden.

Kor omfattande og i tillegg utydeleg delar av læreplanen er, viser berre desse to eksempla:
1."Elevene skal kunne forklare hvordan litteratur og kunstuttrykk i og utenfor Norge har
påvirket hverandre de siste århundrene."
2."Elevane skal kunne drøfte fellesskap og mangfald, kulturmøter og kulturkonflikter med
utgangspunkt i et bredt utvalg av norske og utenlandske samtidstekster i ulike sjangre."

Det er mykje positivt med den nye læreplanen, men han er for omfattande. Eg har ikkje svaret på kor det bør kuttast, men måla bør bli tydelegare slik at me veit meir presist kva omfanget bør vera. Dette handlar ikkje om nivåsenking, men om å få ein tydelegare og meir realistisk læreplan. Sjølvsagt må det vera valfridom og ulike vegar til måla, men viss måla blir opplevd som uoppnåelege, fører det til at motivasjonen hos elevane forsvinn. For læraren er det frustrerande å ikkje heilt vita når klssen har arbeidd nok med måla og om ein finn tid til å koma innom alle. Difor bør det koma justeringar i læreplanen.

søndag 14. november 2010

"Da jorden ble flat"

Eg har nettopp lese delar av boka "Da jorden ble flat" av Bjørn Are Davidsen. Dette er ei bok som burde interessera mange, både lærarar og elevar. Boka tek eit oppgjer med ei rekkje myter, særleg om kor mørk middelalderen var. Davidsen tek eit oppgjer med myter som at kyrkja hevda at jorda var flat, at kyrkja i middelalderen hindra rasjonell tenking og utvikling av vitskapen og at striden om Galileo Galileis oppdagingar var ein strid mellom tru og vitskap.

Davidsen prøver ikkje å leggja skjul på mange feilgrep frå kyrkja si side, men han viser at biletet av ei kyrkje som meinte at Bibelen var i strid med nye vitskaplege sanningar, ikkje stemmer. Han får ved sitat både av m.a. Augustin, Abelard, Thomas av Aquinas og Luther fram at tru på fornuften slett ikkje var noko nytt som kom med opplysingstida. Han hevdar med styrke òg at førestillinga om at alle teologar i middelalderen meinte at Bibelen skal tolkast bokstaveleg, ikkje er rett.

I norskfaget er det moderne prosjekt eit sentralt omgrep. I undervisninga kan det vera ein fare for at ein legg for stor vekt på brotet mellom gamalt og nytt og at ein teiknar eit urettvist bilete av kyrkja som motstandar av det nye. Når ein brukar ord som framskritt og fornuft som sentrale kjenneteikn ved det læreplanen kallar det moderne prosjekt, må ein samstundes få fram at dette ikkje er omgrep som berre står i motsetning til tenkinga i middelalderen, men at vitskaplege framskritt gjorde trua på fornuften og framskrittet sterkare. Davidsens bok viser i tillegg til kor viktig det er med god kildekritikk.

onsdag 3. november 2010

Undervisning om islam

Det er ei stor utfordring å få fram mangfaldet i islam i
undervisninga.Det er likevel viktig å få det fram
og gje elevane hjelp til å forstå det. I media er det oftast det
oppsiktsvekkjande og dramatiske som dominerer, og difor
sit mange elevar med tankar som koplar islam og terrorisme,
islam og kvinneundertrykking, islam og hat for å nemna noko.
Poenget er ikkje å seia at desse koplingane
ikkje eksisterer, men at dei ikkje er heile biletet.

Olav Elgvin har ein blogg med fleire innlegg som kan vera
bakgrunnsstoff for læraren eller presenterast direkte for
elevane. Her vil eg kort trekkja fram tre innlegg der han tek
opp grunnleggjande spørsmål om korleis me kan forstå islam:

1.I innlegget "Islam eller muslimer" understreker Elgvin eit
ganske sjølvsagt poeng som likevel er viktig å få fram: Vi må
skilje mellom islam som religion og muslimar.

2.Elgvin forsøker å teikna eit kart over norske muslimar for å
få fram mangfaldet.Kartet fungerer som eit pedagogisk
verkemiddel for å få oversikt. Det er likevel viktig å presisera
at alle slike inndelingar berre er hjelpemiddel for å få oversikt.

3.Elgvin skriv òg eit innlegg om det å vera muslim i eit land der
muslimane er i majoritet og det å vera muslim som del av ein
minoritet. Ein kan ikkje overføra måten muslimar opptrer på i
muslimske land til kva dei står for når dei kjem i minoritet.
Han peiker til dømes på at mange muslimar i minoritet kjempar
formenneskerettane fordi dei opplever å vera diskriminerte
mens muslimar imajoritet ikkje er like opptekne av menneskerettane.

Dei tre innlegga eg har nemnt kan vera ein hjelp til å få fram kor
mangfaldig islamsom religion er og gjera oss meir medvitne om
at muslimar er like forskjellige som alle andre.