onsdag 1. mai 2013

Muslimar og sharia.

I dag såg eg ei ny undersøking frå Pew Reaserch om kva muslimar meiner om sharia. Overskrifta på nettsida til Vårt Land (som henta stoffet frå NTB) var at overhalvparten av muslimar i verda ønskjer sharia. I artikkelen kom det så fram at det var ein moderat form for sharia-lovgjeving dei ønskte seg, sharia-lover som skulle dekkje familielov og eigedom, dei to tradisjonelle områda der shariarett har vore delvis gjeldande i somme islamske land.

Det interessante med undersøkinga er ikkje berre at mange muslimar vil ha ein moderat from for sharia-lovgjeving, men at ho dokumenterer at det er svært store skilnader mellom muslimar. Det blir meiningslaust med ei essensialistisk forståing av islam. Utsegner som at "islam hevdar at  " eller "islam står for" gir lita meining og slår beina under alle som vil skjere alle muslimar over ein kam slik vi ser i mange debattar om islam.

Interessant er det vidare at dei fleste muslimar ikkje ser noka motsetning mellom islam og det som i artikkelen blir kalla eit moderne liv og at fleirtalet av muslimar føretrekkjer demokratiske regime. Eit stort fleirtal avviser òg valdsbruk sjølv om det er eit ganske stot mindretal i Midtausten som forsvarar valdsbruk.

Nå er det alltid vanskeleg å vite kva som eksakt ligg i svara i undersøkingar som dette. Eg har ikkje studert spørsmål og svaralternativ, men sannsynlegvis uttrykkjer undersøkinga ein tendens som er interessant.

1 kommentar:

  1. Hei, hvor ble det av bloggingen? synes det er en veldig fin blogg som gir mye kunnskap

    SvarSlett