onsdag 19. juni 2013

Islamkritikk på ville vegar


Hallgrim Berg gav i vår ut ei debattbok med den provoserande tittelen Demokrati eller islamisme med undertittelen ”Europa under islam?” Eit av hovudsynspunkta i boka er at islam er på veg til å bli ei dominerande kraft i Europa og at demokratiet difor er truga.

Tidleg i boka si kjem Hallgrim Berg med ei viktig presisering. Etter den førre boka si blei han kritisert for å ha kome med unyansert islamkritikk. Difor gjer han det klart at mange muslimar er fredsæle og at ”det er urett og uklokt å sjå på alle muslimar som potensielle fiendar og stridsmenn”.  Diverre ser me ikkje spor av slike nyanseringar når han går over til å skrive om islam.

Allereie i undertittelen på boka blir det klart at Berg ikke  skil mellom islam og islamisme. Berg seier i boka rett ut at ”alle som med overtyding fremjar islam er islamistar”. Han meiner vidare at det ikkje finst noko som kan kallast moderat islam. Det sanne islam blir dermed det same som islamisme, og islamistar har eit ønske om å erstatte demokratiet med islam og sharia-lover.

Hallgrim Berg beskriv islam som drapsmaskin nr.1 i verda, verre enn både Nazi-Tyskland og Kommunist-Kina. Muhammed blir skildra utelukkande som krigsherre, og islam er ingen fredsreligion slik mange muslimar hevdar.  Berg fastslår berre at alle som er drepne av muslimar er drepne for å utbreie islam. Vald er ein del av religionen og eit viktig verkemiddel for å spreie islam. At dei fleste muslimar er usamde i dette, hoppar han galant over.

Eg trur dei færraste muslimar I Noreg vil kjenne seg igjen i måten islam blir skildra på av Berg. Sjølv om han viser til ei rekkje undersøkingar og ekspertar, blir det lite truverdig fordi han har gjort eit einsidig utval. Dei han er usamde med omtalar han på ein nedlatande måte som til dømes Thomas Hylland Eriksen som ironisk blir kalla ein allvitar.

Samla sett teiknar Bergs bok eit fiendebilete av islam som i Bergs auge pr definisjon er eit trugsmål mot demokratiet. Me skal ikkje underslå at det finst islamske grupperingar som forfektar Bergs islam/islamisme, men det er grov urett mot dei fleste muslimar å hevde at islam utelukkande er ein krigshissande og demokratifiendtleg religion Det finst undersøkingar som viser at dei fleste muslimar står for heilt andre haldningar enn det Berg får fram i boka si.  Hallgrim Berg skildrar islam omtrent slik Richard Dawkins skildrar kristendomen, og resultatet blir lite truverdig.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar