fredag 20. desember 2013

Muslimar og julefeiring

Før jul kjem spørsmålet om kva haldning muslimar i landet vårt har til den kristen juleferinga gjerne opp i media. Er det ikkje muslimar som først og fremst er motstandarar av julegudstenester i skulen og som er negative til markering av jul på ulike måtar?

For det første er det viktig å halda fram at det finst ulike haldningar blant muslimar til markering av jul i skulen. Muslimar er ikkje ei einsarta gruppe der alle tenkjer likt. Nedanfor trekkjer eg fram noko av det eg har funne i media den siste tida.

Basim Ghozlan er leiar av nettstaden islam.no og medlem i den største moskéen i Oslo, Central
Jama´aat-e Ahl-e Sunnat. Han blei denne veka på programmet Migrapolis på NRK P2 spurt om kva han meinte om skulegudstenester. Han svarte at det det ikkje var naturleg for muslimske elevar å delta ved å framseia bøner og trusvedkjenning, men at det ikkje var noko problem at muslimske elevear var til stades som tilskodarar i ei gudteneste. Han samanlikna dette med kristne eller andre som kunne vere til stades under fredagsbøna i moskeen for å observera. Dette meinte han berre var positivt fordi det er med på å skapa forståing mellom ulike religiøse grupper. På nettsidene til islam.no har han skrive ein artikkel om muslimar og julefeiring.

nettsidene til avisa Vårt Land seier den norske muslimen Yousef Bartho Assidiq som konverterte til islam i 2009 at han sjølv går i kyrkja i jula. Han seier at det einaste han ikkje er med på, er å framseia trusvedkjenninga: "Slik jeg ser det,er 95 prosent av julefeiringen ikke religiøs i det hele tatt, men ren kultur. Så lenge man ikke tar del i den religiøse biten, ikke spiser svinekjøtt og ikke drikker alkohol, synes jeg ikke det er problematisk å delta".

I eit anna oppslag i Vårt Land går det fram at svært få muslimske soldatar i Forsvaret ber om fritak frå å delta på gudstenester. I Danmark har Kristelig Dagblad funne ut at stadig fleire muslimar markerer jul på same måte som dei som ikkje er religiøse. Muslimar ønskjer at borna deira skal få ta del i sider ved den vestlege julefeiringa. Ei anna tilpassing er at muslimske foreldre har ein ramadhankalendar for ungane istaden for adventskalendar.

Det er altså ikkje slik at dei fleste muslimar er motstandarar av alt som har med julefeiring å gjera. Det treng heller ikkje vera problem for muslimske elevar å delta på julegudstenester i skulen, men sjølvsagt er det viktig at dei som ikkje ønkjer å vera med, får eit godt alternativt opplegg saman med andre elevar som heller ikkje deltek.






1 kommentar: